Legg merke til vindmøllene til venstre i ABO Plan & Arkitektur si konseptskisse av Lyseparken.
Legg merke til vindmøllene til venstre i ABO Plan & Arkitektur si konseptskisse av Lyseparken.

Inviterer vindgigant til Lyseparken

Senvion, ei av verdas leiande vind-turbin-produsentar, snusar på Noreg. Utviklingsdirektøren for Lyseparken, Fredrik Seliussen, har invitert dei hit.

Tidlegare denne månaden vart det kjent at den tyske vindenergi-produsenten Senvion ønskjer å etablera seg i Noreg. Firmaet oppgjev sjølv å vera ein av verdas største innanfor sitt felt, og står bak tre prosent av vindkraftproduksjonen i verda.

- Me kjem til å etablera kontor i Noreg, og er alt i kontakt med den norske vindkraftbransjen, uttalte Niclas Erkenstål, leiar for Senvion Skandinavia, til Sysla.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har vore i kontakt med dei, og fortalt kva me kan tilby i Lyseparken av plass og fasilitetar, seier Fredrik Seliussen.

- Me vart samde om å ha ein løpande dialog. Senvion har lagt opp eit langsiktig løp i Noreg, og det harmonerer med utviklinga av Lyseparken. Me har jo ikkje tomter klare for sal per i dag, seier Seliussen.

Tidlegast i 2020 kan sjølve opparbeidinga av tomter i Lyseparken ta til, då nye motorvegen vil nærma seg ferdigstilling.

Senvions to ønske

Seliussen opplyser at det Senvion er ute etter er tosidig. Det eine er at dei treng ein stad å produsera vindturbinar i Noreg.

- Det ville vore veldig relevant i Lyseparken. Men i tillegg treng dei landareal til å setja opp vindmøller. Det har me ikkje tilgjengeleg, seier Seliussen.

Ordførar Terje Søviknes seier til «Os og Fusaposten» at han ikkje ser på dette som noko hindring for ei eventuell etablering.

- Lyseparken kan vera ein naturleg stad for eit hovudkvarter. Sjølve vindmøllene må jo uansett plasserast ein annan stad, på ulike lokasjonar langs kysten, seier han.

- Så vindmøller i Lyseparken, noko a la det dei har fått til på Fitjar, er ikkje realistisk?

Artikkelen held fram under annonsen.

- I den grad ein vindgigant som Senvio ønskjer å marknadsføra kvar dei ligg, tenkjer eg at det vil vera smart å plassera eit par vindmøller i parken. "Verksemda vår ligg der med vindmøllene langs E39", kan dei seia. Men eg kjenner ikkje til at vindkraftbransjen har vurdert Os som noko særleg godt eigna plass for vindproduksjon i stor skala, seier Søviknes.

Eit vegskilje

Styringsgruppa for Lyseparken står framføre eit vegskilje. Skal ein gje Lyseparken eit tydeleg konsept, der ein prioriterer ein spesiell bransje, er eit sentralt spørsmål.

- Alle snakkar om "det grøne skiftet" om dagen. Det er inga tvil om at det vert satsa internasjonalt på fornybar energi. Tenk berre på den kvinande utviklinga batteri-teknologien gjennomgår. Å satsa på fornybar energi i Lyseparken ville vore veldig interessant. Men eg må understreka at ingenting er bestemt enno. Me er i dialog med fleire ulike aktørar på noverande stadium, seier Søviknes.

Lyseparken inn i nasjonal strategi?

Uansett kan ei grøn orientering passa godt inn i nasjonale strategiar. Eit fagutval er nyleg sett ned av regjeringa for å vurdera korleis Noreg skal møta det grøne skiftet.

- Då vil ein vera på jakt etter konkrete tilbak som kan iverksetjast. Lyseparken kan vera eit element i ein slik strategi. Ei næringsklynge innan fornybar energi kan vera interessant for Vestlandet, der me har sterke fagmiljø innan dette feltet både i akademia og i næringslivet. Og Lyseparken er i ein posisjon der me har eit stort areal som skal utviklast frå grunnen av, seier Søviknes.

Fagutvalet skal koma med si tilråding i 2016. Næringslivsleiar Idar Kreutzer er ein av dei som sit i fagutvalet, og Søviknes seier at han vil søkja ein dialog den vegen.

Han understrekar at dette er på eit utgreiingsstadium, og det endelege vegvalet vil bli fatta av kommunestyret.

SENVION

Artikkelen held fram under annonsen.

Produserer vindturbinar for land- og havbasert vindkraft

Hovedkvarter i Hamburg

Har installert 12.288 MW vindkraft på verdsbasis

Oppgjev å stå for 3 prosent av den totale vindkraftkapasiteten på verdsbasis