Inviterer til vegmøte
I morgon inviterer Fusa Næringslivslag si vegnemnd til ope møte i gymsalen på Fusa vidaregåande skule. Tema for møtet er E134 Haukelivegen.
På nettsida si opplyser næringslivslaget at det ønskjer innspel til den vidare kampen for E134 som det beste alternativet mellom aust og vest.
Artikkelen held fram under annonsen.
Atle Kvåle frå Hordaland fylkeskommune sitt samferdsleutval skal halda innlegg på møtet. Det same skal prosjektleiar i Statens vegvesen og sekretær i aust-vest-utgreiinga, Kjell Kvåle, fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund Hordaland, Jan-Ove Halsøy og dagleg leiar i Hordalandsdiagonalen AS, Arnfinn Førsund.
Etter dei fire innlegga vert det paneldebatt med spørsmål frå salen.