Inviterer til open brannstasjon
Os brannvesen byr på røykdykkar-øving på open brannstasjon laurdag. - Det vert garantert spanande for publikum, seier Arne Monsen leiar for beredskapsavdelinga.
Benjamin Søgnen Olsen
benjamin@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Den årlege brannvernveka går av stabelen over heile landet i september. Laurdag inviterer både Os og Fusa brannvesen til open dag på sine respektive stasjonar. Stasjonane opnar klokka 11, og held ope til klokka 14.
«Os og Fusaposten» tok turen innom Os brannvesen for å høyra kva program dei har i år. Rosinen i pølsa er den nemnde røykdykkarøvinga, som startar kring klokka 12.
- Då skal me fylla ein kontainer med røyk og ha øving framfor publikum. Det som skjer, vert forklart over eit anlegg slik at publikum kan få eit innblikk i kva dei tenkjer og gjer, seier Monsen.
Berre to prosent øver
Hensikten med arrangementen, og brannvernveka, er å førebyggja. Ei ny undersøking gjennom ført av TNS Gallup for If Skadeforskiring, viser at meir enn halvparten av alle nordmenn fryktar brann mest av alle moglege heimeulukker. Men dei aller færraste tek konsekvensen av det. Berre to prosent av oss gjennomfører brannøvingar og prøver ut rømmingsvegane heime.
- Det er mange som monterer rømmingsstige, men så øver dei aldri, og veit ikkje korleis han fungerer. Det er viktig å ha ein plan om uhellet skulle vera ute. Som for eksempel kor ein skal møta kvarandre, seier Anne Kjersti Storebø, leiar for førebyggjing i Os brannvesen.
Brannslange og brannstang
Både born og vaksne får koma inn og sjå seg rundt i brannstasjonen. Det er råd å få prøva brann-stanga, som brannvesenet sklir ned når dei har hastverk, men dei aller yngste må diverre stå over.
- Sjølv om me har brannmenn både på toppen og nede, har me funne det sikrast å setja ei grense ved skulealder, seier Storebø.
Det vert laga til kunnskapsløype, og dei som vil kan få prøva å spyla med brannslange. Den nye brannliften, som strekkjer seg opptil 32 meter over bakken, vil også bli vist fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men publikum får ikkje lov til å prøva den, smiler Storebø.
Ventar stort publikum
I fjor var det over 1.500 menneske innom på arrangementet, noko som gav utfordringar i forhold til parkeringsplassar. Monsen og Storebø meiner det er grunn til å tru at det kjem endå fleire i år.
- Difor vil me oppmoda til å parkera på Os og gå opp, sykla eller ta bussen. Eg har sjekka vêrmeldinga, og det ser bra ut på noverande tidspunkt.
Handjarn og politicaps
I vårt distrikt er det brannvesenet samen med legevakt som står for gjennomføringa av arrangementet. Politi og ambulanse er òg inviterte med.
- Dei er med kvart år, og kjem nok i år også, seier Storebø.
- Politiet skårar høgt hos ungane, seier Monsen.
- Er det dei som er mest populær blant ungane?
- Det er vanskeleg å konkurrera med dei. Dei har handjarn, politicaps, og så får ungane sitja i baksetet, som kjeltringar. Det er veldig populært, smiler Monsen.