Inviterer til folkemøte om områdeplanen
17. oktober inviterer kommunen til folkemøte i Oseana om områdeplan for Osøyro.
Kommunen inviterer alle innbyggjarar, grunneigarar, lag og organisasjonar, eigedomsutviklarar og andre interesserte til folkemøtet neste måndag.
I møtet vert det innleiing ved ordførar Trine Lindborg (Ap), presentasjon av utviklingsperspektivet for Osøyro, presentasjon av hovudgrepa i planen, samt informasjon og spørsmål.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Hovudmålet med planen er å leggja langsiktige rammer for god, stadtilpassa utvikling av Osøyro som region- og kommunesenter. Planen skal utvikla Osøyro til å bli ein attraktiv plass å bu, besøkja, driva næring og handel, oppsøkja tenester og treffast. Planen skal styrkja Os sentrum sin identitet og særpreg, og skapa føreseielege rammer for dei ulike utbyggingsområda, går det fram av nettsida til kommunen.
Planen vart lagt på høyring i midten av august. Det er råd å koma med innspel heilt fram til 7. desember.