Inviterer til fjordcruise
Torsdag inviterer Os Næringsråd til cruise med MS Midthordland.
Det vert både rekebord og livemusikk når næringsrådet inviterer til sosial samling for verksemder i Os. Under Cover med Eirik Søfteland, Olav Skorpen og Jens Erik Aasmundseth står for musikken.
Dette er det andre arrangementet i regi av det nyoppstarta Os Næringsråd. Fyrste samlinga var eit godt besøkt føredrag med Trond Haukedal i Oseana i starten av månaden.