Pangstart: Då bollane kom på marknaden i 2021, gjekk dei unna som berre det. Hilde Fedje fortel at dei framleis er ganske populære, om enn ikkje så ettertrakta som for tre år sidan.

Inspirasjon er henta frå ein annan butikk, men dei hevdar at denne bollen er unik

“Nore Neset-bollen” såg dagens lys i 2021, og er framleis ettertrakta.

— Er dette ein lokal bolle?

— Ja, seier Hilde Fedje (49).

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er sjef i brød- og bolleavdelinga på SPAR Nore Neset i Ådnadalen.

Vidare fortel ho at sjølve bollen kjem fryst. Det er altså alt som skjer etter at bollane blir henta opp frå frysen, til dei hamnar i hendene og sidan i munnen på kundane, som gjer bollen lokal.

— Kva er “Nore Neset-bollen”?

— Det er ein skillingsbolle med ekstra sukker og god vaniljekrem, fortel Fedje.

Gimmick: SPAR Nore Neset har fleire produkt med stadnamn. Hilde Fedje (49) og Mariann Brandseth (46) fortel at det berre er ein gimmick.

Henta inspirasjon frå annan butikk

Det er heller ikkje ein singel bolle, men til liks med Strandvikbollo, er det to bollar sett saman til éin.

Det var i samband med testing av nemnde Strandvikbollo opp mot Søftelandsbollen, at underteikna blei kjend med at også Nore Neset hadde ein lokal variant — ein bolle med stadnamnet til utsalsstaden.

Fedje fortel at dei har henta inspirasjon frå ein lokal butikk, men at ho ikkje hugsar heilt kva butikk det er snakk om.

— Litt dumt om eg seier feil også, seier ho og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Selde nesten 10.000 eksemplar

Dette er absolutt ikkje eit ferskt produkt i butikken. Mariann Brandseth, som er “potet” i butikken, fortel at det gjekk unna då bollane blei del av sortimentet tilbake i 2021.

— Det var det beste salsåret. Då gjekk dei unna. Det blei selt 9.836 bollar. Så langt i år har vi seld 5.727, fortel ho.

Dei to legg til at det — ikkje overraskande — går ekstra mange bollar på godvêrsdagar.

Meksikansk bolle?: Nei, Nore Neset-bollen.

Nore Neset-bagettar

Dette er ikkje det einaste produktet stempla med “Nore Neset”. Dei sel også “Nore Neset kjøttbollesub” og “Nore Neset kyllingbaguett”.

— Kva er det som er greia?

— Det er jo ein gimmick. Den med kjøtbollar har vi berre hatt eitt år. Begge variantane sel godt. Vi er meir “grab and go” her med tanke på varmmat. Vi er gode på lunsjprodukt, men ikkje store på middag, seier Brandseth og smiler.

Nore Neset kjøttbollesub og kyllingsub.
Les også
Går for ny salsrekord i år. Har du smakt denne finurlege gjærbaksten?
Les også
Er mest kjent for fleskepannekaker. Bollen har gått meir under radaren