Innstilt: Laurdag morgon er ferja mellom Halhjem til Sandvikvåg innstilt.

Innstilte avgangar grunna tåke

Tåke hindra vanleg drift ved fleire ferjeavgangar.

Ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg er laurdag morgon innstilt grunna tåke. Det går fram av ei melding frå Vegtrafikksentralen vest som vart publisert 07.24 på X.

Innstilte avgangar gjeld også for ferjesambandet Halhjem-Våge. Det det melde Vegtrafikksentralen vest klokka 07.27.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 08.00 melde Vegtrafikksentralen vest at ferjesambandet Halhjem-Våge vil vera i normal drift att frå 08.10.