Normal drift frå kl. 15.10
Etter ein stopp på meir enn tre timar, er ferja klar igjen.
Sambandet Hatvik-Venjaneset går som normalt igjen frå kl. 15-10-avgangen frå Hatvik.
Det har vore full stopp i ferjetrafikken sidan før klokka 12 på grunn av driftsproblem.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fyrst vart avgangen frå Hatvik kl. 11.45, og deretter frå Venjaneset kl. 12.05, innstilt av same årsak.
Det melder Fjord1 på vegner av Skyss.
Distriktssjef i Fjord1, Tor Kristoffersen, seier at årsaka for stansen var ein teknisk feil. Ifølgje Kristoffersen har dages feil ingen samanheng med tidlegare driftsproblem.