Denne meldinga kjem opp i appen til FosenNamsosSjø.
Denne meldinga kjem opp i appen til FosenNamsosSjø.

Innstilt ferje kan skapa ekstra kø

Vegtrafikksentralen fryktar meir pinsekø enn vanleg ved Trengereid, at ferja mellom Hatvik og Venjanest vart innstilt i 13-tida i dag. OPPDATERING: Tok opp att ruta. Like etter vart ferja igjen innstilt.

– MF Fosen kansellerer inntil vidare grunna tekniske problem, opplyser FosenNamsos Sjø.

Meldinga er lagt ut klokka 13.12.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hos Vegtrafikksentralen har dei ingen andre opplysningar om kanselleringa enn at den gjeld inntil vidare grunna tekniske problem. 

Fryktar kø

– Vi har fått beskjed på e-post og har ingen telefonisk kontakt med dei ansvarlege utover dette, opplyser Tore Tysse ved Vegtrafikksentralen. 

Han vedgår at andre pinsedag ikkje er nokon god dag å mangla ei ferje. 

– I dag er ein forferdeleg dum dag å mangla ei ferje på. Det er mykje trafikk og innfart til Bergen og dette skapar mykje ekstra trafikk på vegen inn mot Samnanger og Trengereid, seier han. 

Tysse håper FosenNamsos Sjø får løyst problemet så snart som mogleg. 

– Akkurat no går det greit ved Trengereid, men vi forventar mykje ekstra trafikk der frå klokka 15 og utover. Det er då det brukar vera mest trafikk der, seier han.

– Har du nokre gode råd til folk som Har planlagt å køyra heim den vegen i dag?

– Må dei reisa når trafikken er på det værste må dei smøra seg med tålmod. Kan dei reisa seinare i kveld er jo det også ei løysing, men det er jo ikkje alltid folk kan det. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk informasjon i kafeen

Nina Kristine Reiertsen Tholo frå Strandvik stod og venta på ferja til inga nytte. Ho fekk opplyst i kafeen på kaien på Venjaneset at dei ventar på reserveferje, men at det kan ta mellom to ti fem timar før den er på plass. 

Dei som skal i retning Bergen kan køyra fylkesveg 48 om Samnanger via Trengereid, der det bruker å bli kø på store utfartsdagar, og køen er venta å starta kring klokka 15.

Mindre køyrety som skal til Os kan køyra om Tysse og velja fylkesveg 137 gjennom Rolvsvåg og Hegglandsdalen.

Svarer ikkje

Førebels har det ikkje lukkast Os & Fusaposten å koma i kontakt med reiarlaget sine presseansvarlege.

Ordførar i Fusa, Atle Kvåle, har heller ikkje fått meir informasjon enn meldinga om teniske problem som vart levert like etter klokka 13 i dag. 

– Eg har stilt spørsmål om informasjon frå Fosen før. Dei leverer dessverre ikkje denne gangen heller, seier han til Os & Fusaposten.

Han saknar skilting til bilistane. 

– Digitale tavler på sentrale plassar, med opplysningar om omkøyringsvegar, hadde vore til stor hjelp, meiner han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføreren frykter, som Tysse hos Vegtrafikksentralen, utfordringar i Trengereid utover ettermiddagen i dag andre pinsedag.

– Vil du leggja meir politisk press på reiarlaget når det gjeld stadige tekniske problem og gjentakande dårleg informasjon?

– Når det gjeld politisk press siterer eg fylgjande: "Du kan leia ein hest til bekken, men du får han ikkje til å drikka dersom han ikkje vil", avsluttar Kvåle. 

Ikkje i drift likevel

Klokka 15.37 la NamsosFosen Sjø ut følgjande melding på heimesida si:

– MF Fosen melder om normal ruteproduksjon frå Hatvik kl. 15.50.

Tre kvarter seinare, klokka 16.15, kom kontrabeskjeden:

– MF Fosen innstilles inntil videre grunnet tekniske problemer.