Innrømde innbrot og tjuveri av bil
Ei kvinne melde frå om at bilen hennar blei stolen frå parkeringa utanfor Plantasjen. Bilen blei i går kveld funnen på Kvamskogen.
– Ein mann i 50-åra blei i går tatt på Kvamskogen i samband med eit innbrot. Han har innrømma å innbrotet og at han stelte bilen som stod utanfor Plantasjen. Bilen blei funne i nærleiken av der innbrotet skjedde, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Hjort i gjerde
Politiet gjennomførte søndag føremiddag ein promillekontroll på Søfteland. 40 bilistar blei kontrollerte – ingen av dei blåste raudt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi har i helga også fått melding om ein skadd hjort i Hegglandsdalen. Hjorten skal ha sprunge i eit gjerde og skada seg og blei liggjande på bakken. Viltnemnda blei kontakta, fortel Hadler-Olsen.