Inngjekk forlik med Vegvesenet
Ein hytteeigar på Innerøya på Halhjem har no inngått eit forlik med Statens vegvesen. Avtalen går ut på at dei får dekt ein del av utgiftene til støyisolering av hytta si.
Etter ein årelang kamp med Statens vegvesen for å sikra støyisolering av hytter og bustader ved innlaupet til Halhjem ferjekai, tok Torbjørn Phil på Innerøya 1 ut søksmål mot etaten i fjor. I førre månad inngjekk partane eit forlik, og hytteeigaren har no lagt oppdraget med støyisolering ut på anbod.
Me vender oss til seksjonsleiar Hjalmar Olseth i Statens vegvesen, region Vest, for å høyra kva som har fått dei til å gå med på eit forlik med denne eine hytteeigaren. Vegvesenet har - som me har skrive om før - ikkje vore særleg imøtekomande når det gjeld å ta på seg ansvaret for støyisolering av hus og hytter.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, eg veit kva det gjeld, og kan gje deg ei kort forklaring på kva som ligg bak forliket, seier Hjalmar Olseth når me presenterer saka for han.
- Gjennom advokaten sin la Phil i 2014 fram eit søksmål mot Statens vegvesen, der påstanden var at vegvesenet skulle prosjektera, utføra og kosta støydempande tiltak på eigedommen på Innerøya. Dette vart avvist av regjeringsadvokaten, som i sitt tilsvar mellom anna peika på at det ikkje var rettsleg heimel for ein slik påstand, og at tilhøvet eventuelt måtte regulerast av Naboloven, fortel Olseth.
Han legg til at heller ikkje Naboloven gjev grunnlag for at Statens vegvesen skal utføra slike tiltak.
- Men kva går då forliket ut på?
- Me gjekk med på eit forlik 9. november, og det går ut på at hytteeigar får utbetalt ein sum, og så må han sjølv ta ansvaret for å støyisolera hytta si. Det står også i avtalen at når forliket er inngått, har ikkje partane høve til å krevja meir av kvarandre.
- Vil ikkje gjelda for alle
- Betyr ikkje dette at fleire hytteeigarar og fastbuande på Halhjem kan krevja tilsvarande pengesum til isolering?
- Nei, så enkelt er det ikkje. Grunnlaget for at me inngjekk eit forlik i denne saka, er at me har teke utgangspunkt i Naboloven, og ikkje i folkehelselova.
- Og kva betyr det?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kort fortalt betyr det at me mellom anna tek omsyn til alderen på hytteeigedomen, og det at hytteeigaren fekk ekstra mykje støy då ferdselsretninga til ferjene vart snudd 180 grader for å skjerma bebuarane på andre sida av vågen, fortel seksjonsleiaren.
- Kva med krava frå kommuneoverlegen i Os om at det må iverksetjast kort- og langsiktige tiltak for å få støynivået ned for dei som bur eller har hytte i området?
- Kommunelegen har kome med eit varsel, og me vil senda eit brev med svar til han no før helga, seier Olseth.
Ville bli ferdig med saka
Torbjørn Phil sjølv er litt ord-knapp om innhaldet i forliket.
- Eg vil ikkje gå i detalj om avtalen med Vegvesenet, men det stemmer at me har inngått eit forlik, og at me har fått eit erstatningsbeløp som skal vera med og dekkja arbeidet med å støyisolera hytta vår, seier han.
- Men kompensasjonen vil på langt nær vera tilstrekkeleg til å dekka dei omkostningane som Vegvesenet sjølv har kalkulert med. Men for å bli ferdig med saka som har pågått i rundt ti år, bestemte me oss for å godta forlikstilbodet, legg han til.
Han fortel at dei har hatt hyttetomta i rundt 70 år - altså lenge før ferjene kom - og stadfestar at støytilhøva vart forverra då ferdselsretninga til ferjene vart snudd 180 grader, frå Aureneset på austsida til Innerøya i vest, der han og familien har hytte.
Ikkje imponert
Torbjørn Phil er ikkje særleg imponert over måten Statens vegvesen har handtert støyproblematikken på Halhjem.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Sjølv om det har kome fleire skriftlege uttalar frå Vegvesenet - mellom anna frå direktør Hanne Hermanrud - om at støyisolering av bustader kan bli aktuelt, har etaten likevel kategorisk nekta å utføra slike tiltak, seier Torbjørn Phil.
Han meiner at Os kommune bør koma meir på banen og fastslå kvar det må setjast inn tiltak, og på den måten hjelpa hus- og hytteeigarane i kampen for å nå gjennom hos Statens vegvesen.
- Vegvesenet forventar tydlegvis at berørte oppsitjarar sjølv skal gjennomføra eventuelle tiltak mot støy, og eventuelt få nokre av utgiftene dekka i etterkant. Etter det eg veit er det heilt eineståande på landsbasis at Statens vegvesen går ut og forlanger at støyskjermingstiltak langs offentleg veg (sjø) skal kostast av huseigarane sjølv. Heile denne saka viser at "vesenet" ikkje er til å stola på, og at dei gjer sitt yttarste for å vri seg unna ansvaret sitt, avsluttar Phil.
Naboloven
Det er litt uklart kva paragraf det er teke utgangspunkt i når vegvesenet viser til Naboloven. Men det kan vera § 2. Her står mellom anna fylgjande:
«Ingen må ha, gjera eller setja i verk noko som urimeleg eller uturvande er til skade eller ulempe på granneeigedom. Inn under ulempe går òg at noko må reknast for farleg.
I avgjerda om noko er urimeleg eller uturvande, skal det leggjast vekt på kva som er teknisk og økonomisk mogeleg å gjera for å hindra eller avgrensa skaden eller ulempa. Det skal jamvel takast omsyn til naturmangfaldet på staden.
I avgjerda om noko er urimeleg, skal det vidare leggjast vekt på om det er venteleg etter tilhøva på staden, og om det er verre enn det som plar fylgja av vanlege bruks- eller driftsmåtar på slike stader.
Jamvel om noko er venteleg eller vanleg etter tredje stykket, kan det reknast som urimeleg så langt som det fører til ei monaleg forverring av brukstilhøva som berre eller i særleg grad råkar ein avgrensa krins av personar.»