Innføring av vassmålarar i Os
Frå og med 1. januar i år skal det installerast vassmålarar i alle nybygg i Os. Det gjeld både for bustadhus, fritidsbustader og industribygg.
Ordninga gjeld berre for nybygg som får godkjent røyrleggjarmelding etter 1.1.2016.
- Korleis fastset de vassavgifta for ein husstand som ikkje har installert vassmålar? Er prisen den same uansett kor stor familien er?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, me reknar vassavgifta ut frå arealet på huset, og ikkje etter kor mange som bur der, fortel konsulent Marita Strønen på teknisk avdeling i Os kommune.
Ho fortel at hushaldningar som ikkje har vassmålar betalar eit abonnementsgebyr pluss eit stipulert forbruksgebyr for rett areal. Arealet er delt inn i tre ulike satsar, der hus under 110 kvm betaler ein årspris på 844 kroner (eks. mva), hus på 111 til 175 kvm betalar det doble, og bustader over 176 lyt ut med ein sum på 2844 kroner - i tillegg kjem fastleddet på 1010 kroner per år.
- Har du vassmålar vil du betala abonnementsgebyr pluss målt forbruk. Avlaupsmengden vert stipulert til same menge som vatnet, og rekna ut etter det, fortel Strønen.
- Kor mykje kostar det å installera ein vassmålar?
- Ifølgje tal eg har fått frå ein røyrleggjar, kostar dette rundt kr 5000-6000 for ein målar.
Vil ha forbruket ned
- Kva ynskjer de å oppnå ved å installera vassmålarar i alle hus, hytter og industribygg i Os?
- Målet er at folk skal bli meir bevisste på vassforbruket sitt. Me vonar det vil føra til at det totale forbruket går ned, og at me kan sikra ein stabil kapasitet på vassverket vårt.
- Er det mange osingar som har fått installert vassmålarar i husa sine?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nei, det er svært få. Det er helst industribygg som har vassmålarar i Os, seier Strønen.
- Kven vil ha størst fordel av å installera vassmålar i huset sitt?
- Både einslege og små familiar vil kunna spara ein god del på å ha eigen vassmålar.
Det er Os kommune som eig vassmålarane, medan abonnenten lyt betala for installasjon og leige.
Frå og med 2016 vil Os kommune senda ut faktura for vatn og avlaup fire gonger i året. Abonnentar med vassmålar vil bli fakturert akonto, det vil seia at kommunen stipulerer forbruket og fakturerer kvartalsvis basert på dette. Har ein betalt for mykje eller for lite i løpet av året, vil dette bli gjort opp i slutten av året.
Marita Strønen fortel at gebyret for avlaup vil bli målt etter kor stort vassforbruket er.
Installasjon av vassmålar
I rettleiinga for installasjon av vassmålarar står det at målaren skal plasserast slik at han er lett tilgjengeleg både for avlesing og kontroll/utskifting. Etter at målaren er montert, skal han plomberast av kommunen eller av ein godkjent røyrleggjar. Han kan berre opnast av personell frå kommunen, eller under oppsyn av desse.
Vassmålaren bør plasserast på ein frostsikker plass. Er ikkje dette mogeleg, vil gebyret bli rekna ut etter stipulert forbruk basert på eigne, vedtekne utrekningsreglar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Huseigar må lesa av vassmålaren ein gong i året, og deretter senda inn resultatet til kommunen innan ei fastsett tid. Les ein ikkje av og sender inn data innan fristen, blir årsforbruket stipulert. Kommunen kan også velja å lesa av målaren for huseigar si rekning.
Når ein vassmålar er montert, kan han ikkje fjernast utan kommunen sitt samtykke.