Gult nivå: Frå seinast fredag er barnehagar og skular i Bjørnafjorden kommune på gult nivå.

Innfører gult nivå i barnehagar og skular

Kommunal kriseleiing (KKL) kom onsdag fram til at det er best å innføra gult nivå i både barnehage og skule frå fredag av.

På grunn av ein uoversiktleg smittesituasjon og forholdsvis mange smitta i Bjørnafjorden kommune den siste tida, har KKL avgjort gult nivå i barnehage og skule frå seinast fredag 20. august. Det kjem fram av ei melding som gjekk ut til foreldre onsdag kveld.

Dei vidaregåande skulane i kommunen er allereie på gult nivå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avgjerda om gult nivå i barneskular og barnehagar vart teken etter at KKL onsdag ettermiddag drøfta tiltak for å få bukt med dei høge smittetala i kommunen.

— Det er leit å måtte innføra strengare smitteverntiltak så raskt etter oppstart i barnehagar og skular, men diverre naudsynt i den situasjonen vi er i, seier kommuneoverlege Klaus Melf i saka.

Det blir også opplyst om lokal forskrift om framleis smittekarantene for dei under 18 år:

«Nye nasjonale retningslinjer som trådde i verk 16. august, seier at barn og unge under 18 år ikkje lenger må i smittekarantene når nokon i klassen eller avdelinga får påvist smitte. I utgangspunktet betyr denne nye regelen at dersom eit barnehagebarn eller ein elev får påvist smitte, må dei andre barna i klassen/avdelinga ikkje lenger gå i smittekarantene, men i staden bli testa hyppig over fleire dagar etter smitteeksponering. Retningslinjene seier òg at testinga skal gå føre seg ute i barnehagane og skulane.

Bjørnafjorden kommune kjem førebels ikkje til å innføra testing som ei erstatning for smittekarantene for dei under 18 år, og vil i staden innføre ei lokal forskrift som vidarefører ordninga med smittekarantene for nærkontaktar under 18 år. Forskrifta er under arbeid, og vil i første omgang gjelda til og med tysdag 31. august 2021«.

Meiner karantene er meir effektivt

— Vi vurderer karantene for nærkontaktar som eit langt sikrare og meir effektivt smitteverntiltak i denne situasjonen. Ved kvart utbrot har vi fått bevist at karantene er svært effektivt for å få kontroll og stanse smitten. Når testing skal erstatta karantene, vil det vera langt større sjanse for at nokre smittetilfelle går under radaren og smitten kjem ut av kontroll — spesielt no når vi har kome tilbake frå ferie og gjerne har tatt litt lett på smittevern, heiter det på heimesida til kommunen.

Her vert det også opplyst at kommunen per idag heller ikkje har ressursar til å reisa rundt og testa ute i einingane.

– Og dei tilsette i barnehagane og skulane skal ikkje utføre testane, seier kommuneoverlegen.