Innfører besøkforbod ved sjukeheimar og avlastingssenter
Innfører besøksforbod for å hindra smitte til risikogrupper.
For å førebyggja spreiing av det nye koronaviruset til risikogrupper, har kommuneleiinga vedtatt å innføra besøksforbod ved Luranetunet bu- og behandlingssenter, Fusa bu- og behandlingssenter og Varafjell avlastningssenter.
Det opplyser kommunen på sine heimesider. Det vert samstundes påpeika at det kan gjerast unntak for besøk i heilt spesielle tilfelle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Grunna nye restriksjonar og retningslinjer frå Folkehelseinstituttet, vel Bjørnafjorden kommune også å utsetja eller avlysa møte i folkevalde organ dei næraste vekene.
NFF har stansa all breiddefotball, og følgjeleg er treningar, kampar og FFO avlyst.
Osbadet har også stengd dørene. Os kulturskule melder at all undervisning i grupper er innstilt inntil vidare. Individuell musikkundervisning går som normalt så lenge skulane held ope, var meldinga tidleg torsdag (før meldinga om stengde skular og barnehagar kom).