Inndrege førarkort
Ein eldre mann fekk tysdag føremiddag inndrege førarkortet sitt etter at politiet stoppa han ved Uno X-stasjonen i Tøsdalsskiftet. Mannen hadde då køyrt svært vinglete frå Søfteland, og bilen som køyrde bak melde difor frå til politiet.
- Me hadde ikkje mistanke om promille. Her var det nok snakk om helsemessige årskaker, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fekk mangellapp
Ein ung traktorførar fekk tysdag mangellapp for tekniske mangler på traktoren sin. Mannen vart stansa av UP medan han køyrde stein i Mobergsbakken. Den unge sjåføren fekk også eit gebyr for manglane.