Innbrot, knuffing og urinering

Dette er noko av det politiet i Os måtte jobba med i natt.

I eitt-tida i natt fekk politiet melding om innbrot i ein einebustad i Borgavegen. Det var eigar av huset som sjølv melda frå til politiet.

- Han var ikkje i tvil om at ubudne gjester hadde teke seg inn i huset, men kunne nett då ikkje seia konkret kva som var blitt stålet. Me føretek åstadsgransking i dag, seier politiførstebetjent, Christine Grindstein ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om lag ein time etter fekk politiet i Os melding om knuffing og tilløp til slåsting på ein fest i ungdomshuset i Hegglandsdalen, men då politiet kom til hadde kamphanane roa seg.

Elles var det to mannfolk som fekk svi for å ha gjort sitt fornødne på offentleg plass. Ein "vatna blomane" i Os sentrum, ein anna letta på trykket i urinblæren oppe i Industrivegen. Begge er vedgjekk lovbrotet og kan venta seg bot for tissepausen.