Fleire dosar att: – Vi har framleis ein god del vaksinedosar att, seier vaksinekoordinator i Bjørnafjorden, Nina Norheim Oen.

Influensavaksine til alle: - Me vil gjerne bruka opp alle dosane

Det seier vaksinekoordinator i Bjørnafjorden, Nina Norheim Oen.

Torsdag 16. desember kan alle som ønskjer årets influensavaksine, møta opp til gratis massevaksinasjon i Oshallen eller Fjord'n senter. Det opplyser kommunen torsdag føremiddag.

Timebestilling skjer på helsenorge.no eller du kan koma på på drop-in mellom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har framleis ein god del vaksinedosar att. Dersom du tilhøyrer ei av målgruppene for influensavaksine, og enno ikkje har tatt han, er det viktig at du nyttar sjansen neste torsdag, seier Oen.

Samstundes opnar kommunen opp for alle andre som ønskjer influensavaksine.

– Vi vil gjerne bruka opp alle dosane Bjørnafjorden kommune har fått tildelt, seier Oen.