Ordførar i Fusa, Atle Kvåle, meiner dei nye kostnadsoverslaga for midtre trasé tilseier at det er på høg tid til å gjera ei ny utgreiing av indre trasé.
Ordførar i Fusa, Atle Kvåle, meiner dei nye kostnadsoverslaga for midtre trasé tilseier at det er på høg tid til å gjera ei ny utgreiing av indre trasé.

- Indre trasé bør vurderast på nytt

- Når prisen på midtre trasé nærmar seg 40 milliardar, må eg få seia i frå. Indre trasé bør på banen igjen, seier Fusa-ordførar Atle Kvåle.

Han fekk med seg Terje Søviknes kommentar til det nye prisoverslaget på midtre trasé måndag ettermiddag, og følte seg naturleg kalla til å kommentera dei nye tala.

- Eg ønskjer jo å vera lojal i høve til regjeringas prioriteringar, men eg er redd gigantprosjektet med bru over Bjørnefjorden vil seinka Hordfast og føra til at me kjem lengre bak i køen i Nasjonal Transportplan, seier Atle Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rimelegare alternativ

At Kvåle og fusingane helst hadde sett at Kyststamvegen går frå Stord, via Tysnes og Fusa, er ikkje noko nytt. Kvåle meiner alternativet tydelegare og tydelegare viser seg å vera det beste.

- Det er eit realistisk prosjekt som etter mi meining er langt enklare å gjennomføra innan rimeleg kort tid enn midtre trasé. Dessutan vil ein spara den flotte skjergarden i Os for store innhogg i naturen, seier Kvåle.

At det vil ta litt lenger tid frå Stord til Os, meiner han me får tåla.

- Etter det eg forstår vil turen frå Stord til Os bli 12 minutt raskare med midtre trasé-alternativet. Men eg er redd dei 12 minuttane vert relativt dyre, seier han.

Tofelts veg er nok

Fusa-ordføraren vil også slå eit slag for tofelts veg, uansett kvar han måtte koma.

- Det er snakk om å gjera dette prosjektet realistisk. Dagens og framtidas prognoser vedrørande ÅDT (årsdøgnstrafikk) tilseier ikkje noko meir enn tofelts møtefri veg, seier Kvåle.

Den nye Vossavegen, Trengereid-Voss, er også prosjektert med tofelts møtefri veg. Det er ein veg som er betydeleg meir trafikkert, truleg også i framtida enn Kyststamvegen.

Fusaordføraren ventar no at regjeringa får planane for indre trasé på bordet igjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me må ikkje ha det så travelt. Det er plenty med tid til å gjera ei ny grundig utgreiing av den indre traseen. Det er betre å tenkja seg om to gonger, så ein ikkje gjer noko ein kjem til å angra på, konstaterer Kvåle.