Heldigvis er det ikkje meldt meir enn frisk bris på Vinnesholmen til helga, så dei som prøver seg på vinterovernatting i lavvo vil nok få mykje betre ver enn det var då dette biletet vart teke. (Arkivbilete)
Heldigvis er det ikkje meldt meir enn frisk bris på Vinnesholmen til helga, så dei som prøver seg på vinterovernatting i lavvo vil nok få mykje betre ver enn det var då dette biletet vart teke. (Arkivbilete)

Ikkje vore ute ei vinternatt før?

I så fall kan du oppleva det alt til helga. Å overnatta ute midtvinters, under trygge forhold.

Vinnesholmen Kystlag inviterer til kurs i friluftsliv med overnatting i telt førstkommande fredag 22. januar. Kurset er eit ledd i laget sin plan om å bli meir aktive og dra folk med på diverse aktivitetar og arrangement.

- Vi reknar ikkje med å bli rent ned av folk som vil overnatta ute midt på vinteren, men om plutseleg 20 personar skulle dukka opp likevel, ville vi ha eit problem, så vi må setja eit tak, seier leiar i Vinnesholmen Kystlag, Roger Hoel, og ler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vert skikkelieg Lars Monsen-stil på det heile, for på kurset lærer ein å tenna bål, førstehjelp, samt bruka kart og kompass. I tillegg til å få oppleva å overnatta i lavvo.

- Sjølv om det er vinter, kan vi ha det kjekt.

Kurset er meint for ungdom og vaksne. Born under 12 år må ha med seg ein føresett.

For interesserte er det berre å finna fram sovepose, varme kle og ta kontakt med Vinnesholmen Kystlag.

- Vi har også kjøpt nokre nye havkajakkar, som folk kan låna. Det er ein verkeleg flott moglegheit til å koma nær havet og naturen.

Laget samarbeider også med 4H i Fusa, og saman har dei mellom anna bygd ein gapahuk som ein del av det offentlege friluftsområdet. Denne er til ålmenn bruk.

- Vi har hatt fleire barneskular på overnatting her, både frå Os og Bergen. Målet er å drifta husmannsplassen på Vinnesholmen gjennom jamleg bruk.