Ikkje ute etter dei ståande
- Vi kjem ikkje til å kontrollera bussar der det er lov til å både stå og sitja, seier Anne Margrethe Bøe i Statens vegvesen.
Førre veke blei 145 turbussar og om lag 2.800 passasjerar kontrollert for beltebruk i buss på Vestlandet. Om lag 2.700 passasjerar brukte belte.
- Dette er tal som vi er godt nøgde med, seier Anne Margrethe Bøe, kampanjeansvarleg i Statens vegvesen, region Vest.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dilemma
Etter at Os & Fusaposten sist veke omtalte dei planlagde kontrollane, har det kome fleire reaksjonar frå lesarar som lurer på kvifor ein kan verta bøtelagd for å ikkje bruka belte, samstundes som det i mange bussar er lov til å stå.
- Ja, det er eit dilemma, vedgår Bøe.
- Men vårt fokus for denne kampanjen er såkalla klasse tre-bussar. Altså langdistansebussar der det ikkje er lov til å stå. Vi kjem ikkje til å kontrollera bussar der det er lov til å både stå og sitja, lovar ho.
Vanskeleg i storbyar
Bøe meiner stå-problematikken fyrst og fremst er knytta til storbybussar der det er umogleg å praktisera noko sitjepåbod.
- Vi skulle ynskja at alle sat godt og sikkert festa, men vi skjønar at det er økonomisk og praktisk vanskeleg i storbyar.
- Men det er ikkje berre storbybussar som har ståplassar i bussen. Skal ein bøteleggja passasjerar på til dømes skulebussar eller distriktsruter?
- Eg ser at det er ei hypotetisk problemstilling, men vi har litt fornuft oppe i det heile. Vi er ikkje berre ute på gøy, så dersom vi bøtelegg folk, må vi vita at det er vedtak som kan halda i retten. Det er vanskeleg å bøteleggja sitjande passasjerar som ikkje bruker belte, dersom andre står i midtgangen, seier Bøe.
Nyttig debatt
Ho er lite nøgd med det kompromisset med tryggleik som ståande passasjerar utgjer. Samtidig helsar ho debatten velkomen som nyttig både for Statens vegvesen som ansvarleg mynde, men og for fylkeskommunar og kommunar med ansvar for skuleskyss.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi må visa at det er logikk i det vi held på med. Diverre er det slik at når eit samfunnsproblem møter eit anna, vil kanskje logikken brista litt.
- Uansett, fest beltet i bussar der det er montert. Og i alle fall om du skal reisa langt, er oppmodinga frå Bøe til slutt.