- Ikkje reis til utlandet
Tryg Forsikring rår mot utanlandsreiser som følgje av koronaviruset.
Bakgrunnen er at stadig fleire land tar raske avgjerder som får stor tyding for reisande.
– I verste fall kan ein bli sitjande fast ute i verda dersom landet ein oppheld seg i stenger ned flyplassar eller andre transportmoglegheiter, seier kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg Forsikring.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han viser samtidig til at der det er stor gjennomstrøyming av folk, er det òg stor smittefare.