Ikkje nok regn før sankthans: Framleis bålforbod
Medan andre kommunar kanskje lettar på restriksjonane, held Bjørnafjorden fram med sitt ekstraordinære bålforbod.
Det ekstraordinære bålforbodet vil vara fram til 30. juni eller til det blir oppheva.
Det opplyser brannsjef Espen Storum i ei pressemelding torsdag ettermiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Sjølv om skogbrannfareindeksen har gått ned etter nokre dagar med litt nedbør, er det forventa at den vil auka fram mot søndag.
Brannvesenet har teke omsyn til ei rekkje faktorar i si vurdering.
Både nedbørsmengde, skogbrannfareindeks, topografi og beredskap internt og i regionen er vurdert.
— Kombinert med sankthansfeiringa og dei lange båltradisjonane i kommunen, er risikoen for skogbrann framleis stor og aukande mot slutten av helga. Desse faktorane har bidrege til å gi oss eit bilete av den noverande situasjonen og har vegd tungt i avgjerda om å oppretthalda det ekstraordinære forbodet, skriv Storum.
Annleis i andre kommunar
Medan andre kommunar har opplevd styrtregn og større mengder nedbør, har Bjørnafjorden gått klar. Det er difor sannsynleg at andre kommunar vel å oppheva eller letta på sine forbod.
— Vi har hatt gode faglege diskusjonar med andre brannvesen i regionen, og vi respekterer at ulike lokale forhold fører til ulike tiltak. Dette kan vere frustrerande, men det er viktig å forstå at vi må ta omsyn til våre eigne lokale forhold.
Etter ei samla vurdering har Bjørnafjorden brann og redning difor kome fram til at det gjeldande forbodet framleis skal vere i kraft inntil vidare.
— Vi følgjer nøye med på utviklinga og vil koma med meir informasjon så snart situasjonen endrar seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Takkar innbyggjarane
— Til slutt vil vi uttrykkja vår takksemd. Vi ønskjer å takka innbyggjarane i Bjørnafjorden for deira forståing og samarbeid i denne perioden med ekstraordinære restriksjonar.
Brannsjefen oppmodar alle til framleis å vere merksame og ta naudsynte førebyggjande tiltak for å unngå brannar.
— Brannsikkerheit er eit felles ansvar, og saman kan vi oppretthalde trygge omgjevnader for alle.
For ytterlegare informasjon og oppdateringar om brannsikkerheit og gjeldande restriksjonar, viser han til kommunens nettside.