Å samla alle barneskuleelevane i Eikelandsosen, er ikkje aktuelt. Det presiserer ordførar Atle Kvåle (Ap).
Å samla alle barneskuleelevane i Eikelandsosen, er ikkje aktuelt. Det presiserer ordførar Atle Kvåle (Ap).

- Ikkje aktuelt med éin barneskule

Rådmannen sitt forslag om éin barneskule i Fusa frå 2018, har uroa mange. Ordførar Atle Kvåle (Ap) seier at ei slik løysing ikkje er aktuell for fleirtalskoalisjonen.

- Sjølv om vi sikkert burde ha gjort det ut frå kommunen sin økonomiske situasjon, kan eg beroliga innbyggjarane i Fusa med at Ap, Frp, KrF og V ønskjer å samla alle elevane frå fusahalvøya på ein ny, felles skule på fusahalvøya, seier Kvåle.

I posisjonen sitt forslag til budsjett går ein inn for rådmannen sitt "trinn 1" i skulesaka, nemleg å leggja ned skulane på Holdhus og i Strandvik frå hausten 2016. Kva som hender vidare, i det såkalla "trinn 2" av prosessen, tek ein ikkje stilling til før kommunestyremøtet i april.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Årsaka til det, er at vi treng meir tid til å finna ut kva vi vil gjera, seier ordføraren.

Kvåle understrekar at posisjonspartia ikkje kjem til å gå inn for det som ligg i rådmannen sitt notat ukritisk. Å samla alle skulane i Eikelandsosen, vert ikkje aktuelt.

- Det vert éin skule på fusahalvøya og éin i Eikelandsosen. Ut over det skal vi bruka tida fram til aprilmøtet på å diskutera oss fram til det vi meiner er den beste løysinga, seier Kvåle.

- Tek ikkje stilling til hypotesar

Ordføraren vedgår at bygningsmassen på Fusa oppvekstsenter ikkje er veldig god.

- Det ligg nok an til investeringar på fusahalvøya, seier han og legg til:

- Eg har ikkje alle detaljane, men i økonomiplanen er det lagt opp til eit investeringsprogram for barneskular.

- Er det plass til alle elevane på Fusa?

- Ja, det er det som ligg inne i administrasjonen sitt notat, så det rettar eg meg etter, seier ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvåle ønskjer ikkje å ta stilling til kva skulebygga på Holdhus og i Strandvik skal brukast til enno.

- I budsjettforslaget vårt fokuserer vi på politikken vår, ikkje på hypotesar kring eventuelle friskular. Vi tek stilling til å redusera talet på skular. Diskusjonen kring kva som hender med friskulane, tek vi først når det vert reelt.

Ordføraren fortel vidare at koalisjonspartia har eit forslag til budsjett som dei har brukt ein god del tid på.

- Det går vi vidare med til kommunestyret, seier han.

Før kommunestyret set siste punktum 17. desember, vert det gruppemøte og møte mellom koalisjonspartia. Truleg er det berre nokre formuleringar som vert endra.

- Vi ligg godt an, seier Kvåle.

Tøff prosess

Bjarte Samnøy (KrF) vedgår at budsjettprosessen har vore tøff. Tøffare enn han hadde sett føre seg.

- Eg er audmjuk i forhold til dei vala vi tek. Samstundes vert ein ikkje politikar for å ha det kjekt i lag, men for å koma fram til løysingar som er betre på sikt. Det er ikkje nødvendigvis slik at konsekvensane er størst for dei som skrik høgast, seier Samnøy.