Colourbox)
Colourbox)

I natt stiller vi klokka mot sommar

Frå klokka to i natt av er det offisielt sommartid. Det skjer når vi stiller klokka ein time fram til klokka tre.

Samtidig får vi ein time mindre påskeferie, me det positive er at vi har lysare kveldar i vente.

Lysare kveldar og eit ønskje om å spara straum var det som i si tid var opphavet til heile sommartida. For då sommartid først blei innført i fleire Europeiske land, under første verdskrig, var det som eit ønske om å utnytta dagane betre. Tanken var at ein ville få meir dagslys den delen av døgnet ein vanlegvis er vaken og at med meir lys om kveldane ville ein spara energi som elles ville brukast til oppvarming og straum.  

Artikkelen held fram under annonsen.

I Noreg har vi hatt sommartid kvart år sidan 1980, og hovudårsaka til at vi må stille klokka her i landet no til dags, er at ein av praktiske årsaker vel å følgja resten av Europa.

 

Grei hugseregel

Det er ikkje alltid like lett å hugse kva vei klokka skal stillast, men det finst ein grei hugseregel: Ein skal heile tida stille klokka mot sommaren. Det betyr at ein stiller klokka ein time fram om våren, sidan vi då ser fram mot sommaren, og ein time tilbake om hausten, når vi ser tilbake på sommaren.

I dagens teknologiske kvardag er det mange av oss som har få klokker som treng stillast. Dei fleste elektroniske dingsar, komfyrar, smartboksa og liknande gjer jobben sjølv. Til og med i bilen stiller klokka seg på eigenhand, om den er moderne nok. Men det kan kanskje løna seg å ta ein runde gjennom huset og dobbeltsjekka likevel, så ein ikkje tek feil av tida og går glipp av viktige avtaler.

Etter at klokka er stilt ein time i natt er det sju månader til neste gong, nemleg søndag 30. oktober når vi skiftar tilbake til vintertid att.

For nøyaktig klokke, sjekk justervesenet si heimeside.