I perioden 10. august til 8. september kan alle som ønskjer førehandsrøysta. På valdagen 11. september, er det berre mogleg å røysta i heimkommunen, så dersom du er bortreist, må du sørgja for å gjera borgarplikta di innan 8. september.

I dag startar førehandsrøystinga

Førehandsrøystinga til kommunestyre- og fylkestingsvalet er i gang.

I begge kommunane er det høve til å førehandsrøysta i kommuneadministrasjonen sine bygg - på kommunetorget ved rådhuset i Os, og på Kommunetunet i Fusa.

I Os blir det i tillegg høve til å førehandsrøysta ved Os gymnas, Os vidaregåande skule, Kongshaug musikkgymnas, Luranetunet bu- og behandlingssenter, Gamleheimshagen, Flåten trygdebustader, Kysthospitalet i Hagavik og Ravneberghaugen opptreningssenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein kan røysta i den kommunen ein ønskjer, men dersom ein gjer det i ein annan kommune enn der ein er oppført i manntalet, må ein gjera det så tidleg at røysta kjem fram til den rette kommunen innan valdagen 14. september.

Dersom ein veljar ikkje har motteke valkort før 12. september, blir ein oppmoda til å ta kontakt med kommunen der ein har buadresse.