I dag startar Brannvernveka: Nytt opplegg, men brannvesenet kjem framleis på besøk med brannbil
Grunna covid-19 blir det ikkje open brannstasjon i Bjørnafjorden kommune i år. Men Brannvernveke vert det - på ein litt annan måte.
- I år har vi dessverre ikkje høve til å invitera innbyggjarane til open brannstasjon i Bjørnafjorden kommune. Likevel er vi med på den nasjonale kampanjen, på ein ny måte. Vi flyttar arena for gjennomføring av kampanjen til sosiale medium. Vi kjem også til å besøkja skular og barnehagar på begge sider av Bjørnafjorden med brannbil, på avstand, seier Ingrid Øksnes, brannkonstabel i Eikelandsosen.
I tillegg til besøk, kjem Bjørnafjorden brann og redning til å informera om aktivitetar som vert arrangerte nasjonalt denne veka.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi oppfordrar alle, spesielt barnefamiliar, til å ha brannøving heime. Neste laurdag vert det live-sending med Brannbamsen Bjørnis, og 16. september kan ein delta i gratis webinar om brannøving i bedrifter, skular og barnehagar, informerer Jan Olav Birkeland, brannkonstabel og fagleiar for feiing og tilsyn i Bjørnafjorden brann og redning.
- Vi håpar at så mange som mogleg brukar denne veka som eit høve til å auka kunnskapen om branntryggleik i familien, og nyttar seg av tilboda som finst. Kvart år er det omlag 470 barnefamiliar som opplever brann heime. Vi oppfordrar alle, særleg barnefamiliar, til å gjennomføra rømningsøvingar med jamne mellomrom i tillegg til å ha fokus på brannførebygging, tilføyer branninspektør Aleksandra Kamieniecka.