Solveig Gangstø var svaret på luke 19 i årets julekalender.
Solveig Gangstø var svaret på luke 19 i årets julekalender.

I dag skal Solveig i Kakekrigen

I dag dukkar Solveig Gangstø opp i TV-ruta. Fusingen kan sjåast i Kakekrigen på FEM.

Solveig var svært løyndomsfull då me møtte henne heime på Samnøy i januar og det vart snakk om innspelinga av Kakekrigen. I dag får me sjå korleis det går med den ivrige kakebakaren.

Solveig er ei av dei fem siste som denne veka skal kjempa om ein semifinaleplass i TV-programmet. Semifinalane startar allereie neste veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Presseansvarleg for programmet, Hina Parveen, kan avsløra at "Solveig når veldig langt denne veka", utan å villa seia noko meir enn det.

Så då er det berre å følgja med og sjå om kakene til Solveig fell i smak hjå dommarane, og ho kan sikra seg ein plass i semifinalane.

Sjå videoreportasje frå då me møtte Solveig heime på Tønnegarden:Solveigs glade kaker