I år må Varg Veum vika
Kvar jul brukar Terje Søviknes å kosa seg med ein god krimroman. I år blir det å lesa seg opp til jobben som olje- og energiminister.
Klokka 16.00 onsdag vart Terje Søviknes presentert for Kongen som ny olje- og energiminiter i Erna Solberg-regjeringa.
Etter 17 år som ordførar i Os blir det ein heilt ny kvardag for Søviknes frå no av.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det blir noko ganske anna. Frå å jobba med mange ting på ei rekkje felt, skal eg no ha ei stor oppgåve innanfor eit litt meir snevert felt. Utfordringa er stor, men eg gler meg til å gjera noko heilt nytt og spennande, seier den avtroppande ordføraren i Os.
Han søkjer no om permisjon frå alle verv i Os og Hordaland.
- Den nye jobben krev fullt fokus, og eg meiner også at det vert mest ryddig å søkja permisjon frå alle verv eg har frå før. Det inneber at eg seier frå meg alt som har med Os kommune og Hordaland Fylkeskommune å gjera. I tillegg sluttar eg som styremedlem i Sykkel-VM 2017, konstaterer Søviknes.
Ultimat utfordring
Dei siste åra har det vore fleire spekulasjonar om kor vidt Søviknes før eller seinare ville takka ja til ein ministerpost. Hovudpersonen har fram til no peika på at omsyn til familie og kjærleiken til jobben i Os kommune har halde han tilbake.
- Lenge har eg følt at det har vore best å bli på heimebane, men no er situasjonen annleis. Borna er blitt eldre - snart 10 og 13 år - og familien er budd på ein situasjon med ein far som vert vekependlar til Oslo. Elles må eg seia at situasjonen i Os kommune er stabil og god. Me får eit knallbra resultat for 2016, og mange store prsjekt går på skjener. Med andre ord føler eg at det er ei grei tid å forlata Os på - i alle høve for ei stund, seier Søviknes.
Vekependlar
47-åringen kjem uansett til å vera ein del i Os også i tida framover. Oslo vert lysefjordingens heimplass i vekene.
- Det blir vekependling for alle pengane. Full jobb og lange dagar i vekene. I tillegg reknar eg med det blir ein del jobbing heime i helgane.
- Ja, for det er eit stort fagfelt du no får ansvar for. Kor godt kjenner du dei komande arbeidsoppgåvene?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Som erfaren politikar kjenner eg ein del til det som har med olje og energi å gjera, og eg kjenner godt til kva arbeidsoppgåver ein har som minister. Men det er klart: Eg må lesa meg bra opp i tida framover. Det blir ikkje mykje Varg Veum på meg i jula, for å seia det slik, humrar Søviknes.
Sikra arbeidsplassar
For det er ikkje mykje tid han har på seg før dei nye arbeidsoppgåva ventar. Alt frå og med tysdag ettermiddag av er Søviknes fungerande og formelt ny minister etter avtroppande Tord Lien.
- Det blir travle dagar framover, og spesielt over nyttår vert det hektisk. Då startar eg med å ha møte med ei rekkje sentrale folk i petroleums- og energibransjen, før eg dreg ut på ein lengre turné for å besøka verksemder og interesseorganisasjonar innan bransjen, fortel Søviknes.
Han peikar på at hans viktigaste arbeidsoppgåve i tida framover blir å sikra folk innan olje-, gass- og leverandørindustrien arbeidsplassane sine. - Mange einskildpersonar og familiar, ikkje minst på Vestlandet, er råka hardt av nedturen dei siste åra som følgje av lågare oljepris. Stabile og føreseielege rammevilkår vert viktig, samtidig som me må tildela nye leiteområde for olje- og gass på norsk sokkel for å sikra framtidig aktivitet, investeringar og verdiskaping. - Også på fornybar energi skjer det mykje spennande i høve forsking, teknologiutvikling og innovasjon, legg Søviknes til
- Kva konkret blir det i staden for Varg Veum i jula?
- Hm. Det blir å lesa seg opp på stortingsmeldingar, vedtak gjort i stortinget, mykje faglitteratur innan olje- og energifeltet og mykje anna.
- Bøker er med andre ord ingen god idé som julegåve til deg?
- Hehe. Det kan du vel kanskje slå fast, ja.