Tysdag hadde UP ny fartskontroll på Lepsøyvegen. Tolv bilistar fekk forenkla førelegg. (Arkivfoto)
Tysdag hadde UP ny fartskontroll på Lepsøyvegen. Tolv bilistar fekk forenkla førelegg. (Arkivfoto)

I 69 km/t i 50-sonen

I løpet av to timar tok UP tolv bilistar som var for harde på gasspedalen i 50-sonen ved Os Lakk + Karosseri.

UP stilte seg opp med laser frå klokka 17-19.00 i går ettermiddag.

- Det blei skrive ut tolv forenkla førelegg. Bilen med høgast fart blei målt til 69 km/t i 50-sonen, seier politioverbetjent, Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit stadig problem

Fartssyndarar ser ut til å vera eit stadig problem på strekket ved Os Lakk + Karosseri.

- Kva seier politiet om køyringa på Lepsøyvegen?

- Eg ønskjer ikkje å kommentera kontrollane til UP, seier Hadler-Olsen.