Husbrann under kontroll
Onsdag i denne veka brann huset på Utgjerdet 18 i Os ned til grunnen. Men denne gongen var brannen påsett og kontrollert av Os brann- og redningsvesen.
Wenche M. Eriksen
wenche.eriksen@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Fem brannmenn og -kvinner frå Os brann- og redningsvesen hadde fått i oppdrag av Bjørn Døsen å brenna ned huset på Utgjerdet ved Oshaugen. Huset har stått tomt ei tid, og det skal byggjast fleire nye hus i området.
Varabrannsjef Arne Monsen forklarar at dei no vil gå opp i andre etasje og setja fyr på huset, og så skal brannmannskapet ha ei røykdykkingsøving - etterpå lèt dei brannen utvikla seg vidare.
- Kor lang tid vil det ta før huset er nedbrent?
- Det tek rundt to og ein halv time før alt er vekke, fortel Monsen.
Desember - ein brannmånad
Det er skremmande å sjå kor raskt eit hus kan gå opp i røyk. Når flammane først har fått tak, går det ikkje lange stunda før byggverket kollapsar. Denne gongen skjer det heldigvis under full kontroll.
Desember månad har diverre ein dårleg statistikk når det gjeld tal husbrannar. Med mykje bruk av levande lys, smultgryter og anna som høyrer førjulstida til, så er det ekstra viktig å tenkja på branntryggleik. Nokre enkle tips er å sjekka brannvarslarar og brannsløkkingsapparat, og ikkje gå frå levande lys eller la mobilar stå på lading når du søv.