Hundepatrulje fekk kontroll på uvedkomande
Tok seg inn på BIR sitt gjenvinningsanlegg.
Natt til laurdag, ca kl 04.30, melde politiet om eit mogleg pågåande innbrot ved BIRs gjennvinningsanlegg i Kolskogen.
Ein hundepatrulje skal raskt ha fått kontroll på to uvedkomande inn på området.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei mistenkte er ein mann i 50-åra og ein mann i 40-åra.
Dei vart viste vekk frå staden og dimitterte, og kan bli meldt i ettertid, opplyser politiet.