Anne Andersens (innfelt) får vondt av å høyra på hundar som bjeffar utanfor Coop Prix i Os sentrum. Ho la ut eit innlegg om dette på Facebook, og det skapte engasjement. Der blei det også lufta ein ide om at Os sentrum burde få seg hundehi, som dei har på AMFI Os.
Anne Andersens (innfelt) får vondt av å høyra på hundar som bjeffar utanfor Coop Prix i Os sentrum. Ho la ut eit innlegg om dette på Facebook, og det skapte engasjement. Der blei det også lufta ein ide om at Os sentrum burde få seg hundehi, som dei har på AMFI Os.

Hundeinnlegg skapte engasjement

Anne Andersen får vondt av hundar som blir bundne fast ved Coop Prix i Os sentrum, medan eigarane går inn for å handla. - Hundane bjeffar i eitt sett. Det er tydeleg at dei ikkje har det godt, seier Andersen.

I romjula la ho ut eit innlegg på Facebook-gruppa Oppslagstavlo i Os. Andersen skreiv mellom anna at ho då sat og høyrde på tre hundar som bjeffar for harde livet. Dei var bundne fast utanfor Coop Prix.

- Eg jobbar på Kali tvers over gata, og høyrer stadig hundar som bjeffar. Det er ikkje berre ein gong dei bjeffar, men hysterisk. Ofte i fleire minutt. Det irriterer meg at eigarane vel å gå frå hundane slik, når det er tydeleg at dei ikkje har det godt. Dei kan også bli stelte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skapte engasjement

I innlegget nemner ho også ein paragraf i lov om hundehald. Paragraf fem, forbod mot å gå frå bunden hund. "Hundehaldaren skal ikkje gå frå ein bunden hund ved inngangen eller i ein bygning som er open for allmenneheiten eller ved leikeplassar.

Fleire i kommentarfeltet har hengt seg opp i at Andersen skriv at det ikkje er lov å binda hunden fast utanfor Prix. Dei meiner at hundane står i god avstand til inngangen, og at det såleis ikkje er ulovleg.

Uansett, hovudpoenget til Andersen er at hundane ikkje har det godt.

Det er her, utanfor Coop Prix, at Anne Andersen reagerer på at hundane blir forlatt medan eigarane går inn for å handla. - Det er tydeleg at hundane blir stressa. Dei bjeffar og bjeffar, seier Andersen, som jobbar på Kali tvers over gata.
Det er her, utanfor Coop Prix, at Anne Andersen reagerer på at hundane blir forlatt medan eigarane går inn for å handla. - Det er tydeleg at hundane blir stressa. Dei bjeffar og bjeffar, seier Andersen, som jobbar på Kali tvers over gata.

- Det er bra at mange såg statusen og engasjerte seg, men mange blei sinte og skjønte ikkje heilt kva eg ville fram til. Det var etter kvart ingen som las kva eg skreiv i kommentarfeltet. Dei hengte seg heller opp i dette med om det var lovleg eller ikkje. Eg prøvde å forklara at hundane tydeleg blir stressa og at det er ein risiko for at dei blir stelte, men det var lite respons frå nokre på akkurat det.

Viktig med tilbodet

På AMFI Os har dei såkalla hundehi utanfor. Der kan eigarane plassera frå seg hunden i eit bur når dei skal inn og handla. Senterleiar Silje Lygre vil ikkje seia at bura blir mykje brukt, men for dei er det viktig å ha alternativet.

- Eg var ikkje senterleiar då senteret fekk hundehi, så eg kan ikkje seia om dei kom grunna eit ønske frå kundar, eller om det var grunna den nye paragrafen i hundelova, som seier at det ikkje er lov til å setja frå seg hunden utanfor medan ein handlar. Eg hadde kanskje trudd at hundehia blei meir brukt enn dei gjer, men vi har no i alle fall eit alternativ til hundeeigarar. Det er det viktigaste, seier Lygre.

Ser behovet

Det blei i kommentarfeltet spelt inn om ikkje Os sentrum også burde hatt hundehi. Daniel Skotheim er næringssjef i Os, og leiar for Os sentrumsforening til William Lindborg tek over 1. februar. Han har ikkje fått med seg debatten på Facebook når Os & Fusaposten spør om det har vore snakk om eit liknande tilbod i Os. Etter å ha sjekka litt rundt, fortel han at hundehi er noko han kjem til å ta opp på sentrumsforeiningas årsmøte i mars.

- Eg ser at det er eit behov, men eg er usikker på korleis sentrumsforeininga kan møta det. Det er kostnadar inne i biletet. Eg ser på nett at det finst mange måtar å løysa det på. Ein kan ta betalt eller ha ope hundehi. Vi tek det med oss, så får vi sjå om dette er noko sentrumsforeininga skal ta, eller om det bør vera opp til kvar enkelt butikk, seier Skotheim.