Hund utan eigar - komen til rette
Ein svart, korthåra, truleg buhund gjekk laus i Os sentrum onsdag, men er no komen til rette.
Os og Fusaposten møtte på hunden ved bussterminalen på Osøyro. Då hadde han følgt etter ei jente ei stund.
– Ho dukka berre opp og har følgd etter meg bortover gata. Eg anar ikkje kven det er sin, og han har heller ikkje band, sa den 12 år gamle jenta til lokalavisa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eigar kan no melda at hunden er komen vel til rette.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no