Høgtsvevande taktekkar-firma
Fløysand Tak As har vakse seg mykje større enn gründer Gudmund Fløysand hadde trudd og håpa på. Rekordveksten gjer at dei faktisk har ambisjonar om å trå litt på bremsen.
- Dette var ikkje noko eg hadde sett føre meg, nei, seier Fløysand.
«Os og Fusaposten» vitjar bedrifta i Kolskogen, for å høyra kva som ligg bak suksessen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Så, kva er nøkkelen?
- Det er kvalitet, enkelt og greitt. Som sagt så hadde eg ikkje noko mål om at firmaet skulle bli så stort då eg starta opp, men kundane ville det annleis, seier han.
Høg organisk vekst
Med nøgde kundar får ein raskt eit godt renommé, og på sju år har omsetnaden vakse frå 0 til 120 millionar kroner (forventa tal frå 2015, jorun.mrk). I dag er dei mellom 55 og 60 fast tilsette, i tillegg til 20-25 arbeidarar som er fast innleigd. I oktober 2014 blei bergensaren Jan Espen Larsen tilsett som administrerande direktør. Den organiske veksten (vekstraten til selskapet gjennom auka utbytte og sal, i motsetnand til fusjon eller oppkjøp av eit anna selskap) i Fløysand Tak har vore så høg at dei ikkje har rekt å følgja etter med det organisatoriske. Det er her Larsen kjem inn i biletet.
- Det som har skjedd med Fløysand Tak er eit typisk gründer-fenomen. No er me godt i gang med å få på plass eit bra team, som er har sine styrkar på dei ulike fagområda som trengst i ei bedrift av denne storleiken, seier Larsen.
- Gudmund er sentralnerven
Med ein administrerande direktør har Gudmund kunna fokusera på det han kan best, taktekking.
- Gudmund er primus motor, og sentralnerven i selskapet. Han har hatt for stort ansvar. Det har gjort at nokre oppgåver har blitt nedprioritert, eller ikkje handtert som dei burde. No er me meir balansert, og har ein stødigare plattform, og Gudmund kan vera ute blant kundane og følgja opp prosjekta på ein annan måte enn før, seier Larsen.
Opptekne av nærmiljøet
Planane framover går ut på å skapa ein sunn forretningskultur, og Fløysand Tak har som mål å skapa trygge arbeidsplassar. Det har tidlegare vore snakk om at dei måtte flytta frå Kolskogen, då dei hadde vakse seg for store for lokala, og kommunen ikkje var villege til å la dei byggja ut. Samstundes vart det snakka om å eventuelt flytta bedrifta ut av Os.
- Det er ikkje eit tema no. Dette er ein Os-bedrift. Marknaden vår er storbergen og omeign, men er sterkt tilstades i heimkommunen. Sponsing av Os Fotball, barneidrett og kulturarrangement er ting som Gudmund og dei alltid har vore opptekne av, seier Larsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Os er midt i smørauget
For Gudmund har det aldri vore eit tema å flytta bedrifta ut av kommunen.
- Det er her me høyrer heime. Logistikkmessig er Os midt i smørauget. Det tar kortare tid å reisa frå Os til Bergen om morgonen, enn for eksempel frå Åsane eller Sotra til Bergen, seier han og legg til:
- Det har skjedd litt med planane her oppe, og me ser ut til å kunne gjera ein del med eigedommen likevel.
Store oppdrag
Sjølv om det organisatoriske kanskje ikkje har stått i stil med veksten til firmaet, skal ein ikkje kimsa av jobben Gudmund har gjort.
- Kvalitet og presisjon i arbeidet kjenneteikner Fløysand Tak. Gudmund har vore flink til å få med seg dei rette folka, og han har skapt ei sterk lojalitetskjensle blant dei tilsette. Både Gudmund, og dei rundt han som har vore med på reisa, kan vera stolt av jobben som er gjort, seier Larsen.
Jobbane dei får attspeiglar innsatsen som vert lagt ned.
- Me alt av takkonstruksjon på den nye delen av bybanen, som går frå Lagunen til Flesland, i tillegg til den nye terminalen som kjem på Bergen Lufthavn. Media Bergen City har me, og me jobbar på det nye barnesjukehuset på Haukeland, seier Larsen.
Tett samarbeid
Dei har tatt del i Horisont kjøpesenter i Åsane, og Sparebanken Vests nye bygg i Jonsvollskvartalet. Ein av dei viktigaste samarbeidspartnarane til Fløysand Tak, er Helgesen Tekniske-bygg.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me er to ytterkantar som samarbeider tett i lag. Dei strilane står for det same som oss, kvalitet og presisjon, seier Larsen.