Det var ein symbolsk plass å prata om det å skapa nye arbeidsplassar, men reint praktisk var kanskje ikkje det store rommet i enden av Lidl-lageret heilt ideelt for eit allmøte.
Det var ein symbolsk plass å prata om det å skapa nye arbeidsplassar, men reint praktisk var kanskje ikkje det store rommet i enden av Lidl-lageret heilt ideelt for eit allmøte.

Høgt rom før møte, låg pris for leige

Han lokka med låg pris for leige, representanten for Lidlbygg-eigarane i NHP måndag kveld. Drawbacket er at ein må leiga mykje.

Måndag kveld inviterte Os Venstre til allmøte om næringspolitik i den opne delen av det såkalla Lidl-lageret i Ådnadalen. Skjønt Lidl-lageret er vel neppe eit passande namn for bygget no, vel ni år etter at den tyske matvaregiganten selde seg ut av bygget og Noreg som sådan.

- Sjølv har me prøvd å marknadsføra bygget som King Size-bygget, dog utan hell, humra Rolf Moe frå eigarane i NHP under si orientering om det 37.000 kvm store byggets historie.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I dag kallar me bygget Reli Os AS, og me er opne for forslag til bruk, sa Moe.

Skot i natta

Før møtet sa Venstres Glenn Erik Haugland at han ville vera nøgd dersom det kom over 20 personar på møtet. Litt etter kunne han konkludera med at nær dobbelt så mange fann vegen, og at det måtte vera ein suksess.

Men om Lidl-bygget aldri så mykje var ein symbolsk plass å prata om næringspolitikk og fokusera på at Os kommune må leggja til rette for å skapa nye arbeidsplassar, så var den gigantiske lager-opninga mindre eigna som møtelokale.

Rolf Moe i NHP lova låg leige for dei som ville leiga i det eigarane kallar Reli-bygget i Ådnadalen.
Rolf Moe i NHP lova låg leige for dei som ville leiga i det eigarane kallar Reli-bygget i Ådnadalen.
Kristine Kopperud Timberlid redgjorde for korleis Innovasjon Norge Hordaland kan hjelpa mindre firma eller gründarar med å koma i gang og skapa arbeidsplassar.
Kristine Kopperud Timberlid redgjorde for korleis Innovasjon Norge Hordaland kan hjelpa mindre firma eller gründarar med å koma i gang og skapa arbeidsplassar.

Både venstreleiar Sveinung Stensletten og nemde Glenn Erik Haugland åtvara innleiingsvis om at kunne bli ei utfordring å høyra kva som vart sagt. Då hadde dei enno ikkje fått med seg at Os Skyttarlag og Rifleeutvalet til Os Jakt- og Fiskelag hadde trening same kveld.

- Eg trur du må gjenta alt du seier når orda dine treffer samstundes som skota i natta her borte, elles høyrer me ikkje "bæret", skaut Frode Jørgensen inn frå sidelinja.

I lag med Peder Fløysand frå Os er han nærast "vaktmeister" på det gigantiske lagerbygget og ivaretek NHP's interesser.

At det i tillegg passerte litt tungtrafikk på Ulvenflaten og eit fly no og då, gjorde det sjølvsagt ikkje lettare å høyra. Nokre mikrofonar og eit PA-anlegg hadde nok gjort susen.

Heiar på gründarane

Innlegget til Rolf Moe var andre del av Os Venstres opne møte måndag. Under første del fekk me høyra Seniorrådgjevar i Innovasjon Norge Hordaland, Kristine Kopperud Timberlid, fortelja om deira arbeid for å betra vilkåra for nystarta firma, eller gründarar med gode idear.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me er eigd av stat og fylkeskommune og er til for å hjelpa til at mangfaldet i næringslivet vert større. Me ønskjer å hjelpa gründarar og vekstkraftige bedrifter. Det kan me gjera med etableringstilskot, hjelpa med lån i bank og elles vår kunnskap om korleis bana seg veg i dei ulike marknadene, sa Kopperud Timberlid.

Like etter fekk senior-bedriftsrådgjevar i Sparebanken Vest, Nina Stangeland, fortelja litt om korleis dei møtte nytenkjande gründarar og folk som ville starta opp for seg sjølv.

- Me heiar på gründarar og ønskjer å gje folk ein sjanse, men me må også vera realistiske, sa Stangeland.

Som austevolling kunne ho lett relatera seg til bygda Os.

- Austevoll og Os er ikkje så ulike. Folk i slike bygder er ikkje redde for å få skit under fingrane. Det er ein god føresetnad for å koma nokon veg, sa Stangeland til applaus frå dei frammøtte.

Vidare fortalte ho at SPV også støtter spennande prosjekt med stipend.

- Dei siste ti åra har me delt ut 700 millionar kroner av overskotet vårt til ulike føremål. I 2015 gjev me 50 millionar kroner. Noko gjekk til Osfest og bru-prosjektet.

- Ja, ikkje den brua, som me ikkje vil ha, altså, supplerte ein lattermild Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei, her snakkar me om brua over Os-elva, presiserte Stangeland.

Kan ikkje innreia

Etter ein kort kaffipause og ei bit av ein vestlandslefse, ja, nett den kaffimaten var nok ikkje valt tilfeldig, var det altså tid for Reli-bygg-eigarane sitt innlegg. Men før det fekk «Os og Fusaposten» ein kort prat med teknisk rådgjevar for eigarane, Frode Jørgensen.

- Me har fått mange forslag om kva me kan bruka dette bygget til opp gjennom åra, men det er frykteleg stort, og eigarane må ha inntening. Dessutan har me stadig fått spørsmål om kvifor me ikkje har innreidd det. Det kan me jo ikkje gjera når me ikkje veit kva dei enkelte seksjonane skal nyttast til. Om det skal vera betong-golv, parkett, kva belysning som skal vera i taket. Alt handlar om kva type næring ein skal ha. Difor har ting stått på vent veldig lenge, sa mannen som takserte bygget i 2008.

- Kva lydde taksten på?

- Det er hemmeleg, smilte Jørgensen.

Vil seksjonera

Som Jørgensen antyda til underteikna før Rolf Moe tok ordet, er seksjonering det mest nauturlege for eigarane.

- Me har altså eit bygg på 37.000 kvm. Det er ingen i Noreg som kan leiga noko slikt. Difor har me sett på å seksjonera opp bygget. Grovt sett består huset av tre store seksjonar - ein på 11.000 kvm, ein på 10.000 kvm, og ein på 15.000 kvm. I tillegg kjem kontorfløyen på vel 1.000 kvm. No ser me på høve til å laga endå mindre seksjonar i dei store seksjonane. Får me interesserte kan me starta med ein gong. Men me kan ikkje byrja med 100 kvm. Leigetakarane må nok leiga ein del meir enn det før det er aktuelt å starta innreiing, understrekte Moe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han var dessutan like klar på at det ikkje skulle kosta skjorta.

- Me vil leiga ut til relativt rimeleg pris. Noko rundt 500 kroner kvadratmeteren er det me har sett for oss, fortalde Moe.

Etter gjennomgangen fekk dei frammøtte ein kort tur inn i bygget, men etter kvart som sommarkvelden lidde på, vart det ikkje så godt å sjå, anna enn at bygget er uendeleg stort... men det visste me jo frå før.