Høg fart og manglande bilbelte: Politiet har hatt laserkontroll på Halhjemsvegen
Nok ein trafikkontroll gjennomført langs Halhjemsvegen.
Politiet gjennomførte måndag laserkontroll i 70-sona på Halhjemsvegen.
Det er opplyst at dei stilte seg opp rett før klokka 12.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det blei skriven ti forenkla førelegg. Høgaste fart var 88 km/t. Det blei også gitt eit gebyr for manglande bilbelte, skriv politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.
Stor stein viste seg å vera søppelsekk
Kort tid etter at laserkontrollen starta, blei det meld om at det låg ein stor stein i venstre felt i Lyshorntunnelen i retning Bergen.
— Vegtrafikksentralen blei varsla og skulle stengja tunnelen og få fjerna steinen, skriv Lyssand.
Det viste seg å ikkje vera ein stein, men ein søppelsekk som låg i vegbanen.
I 13-tida opplyste Vegtrafikksentralen at søppelsekken var fjerna og tunnelen var opna for trafikk att.