Hoel melder seg ut av Frp - vert uavhengig representant
Eit anstrengt forhold til varaordførar og leiar i Frp, Magne Djuvik, har resultert i at Roger Hoel har meldt seg ut av Framstegspartiet. Dermed vert Hoel uavhengig representant i kommunestyret.
- Eg er ikkje ute etter å hengja ut nokon. Men sånn er livet. Ein har oppturar og nedturar, seier Hoel.
Den tidlegare Frp-politikaren ønskjer ikkje å utdjupa kva som er årsaka til konflikten mellom dei to partikollegaene. Men fortel at problema oppstod i prosessen kring val av medlemer til dei ulike utvala i kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det har ingenting med Ap, KrF og V å gjera, understrekar han.
Konsekvensen av at Hoel har meldt seg ut av partiet, er at Frp mister eit mandat, og at Hoel vert uavhengig representant i kommunestyret.
- Det betyr at eg røystar akkurat det eg vil røysta i alle møte frå no av, seier han.
Den tidlegare Frp-politikaren presiserer at han likevel kjem til å ta omsyn til det veljarane meiner.
Hoel var leiar i Fusa Frp fram til for få veker sidan. Då overtok Djuvik vervet.
- Eg orka rett og slett ikkje meir, seier han om om utmeldinga som fann stad for få dagar sidan.
Ingenting å seia for samarbeidet
- Eg har registrert utmeldinga, seier Djuvik og legg til:
- Om Hoel er usamd i politikken til Frp, er det ryddig av han å melda seg ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølv om Hoel frå no av er uavhengig representant, er vararepresentanten hans frå Frp. Det betyr at dersom Hoel deltek i eit kommunetyremøte så har Frp to representantar, deltek han ikkje har Frp tre.
- Får utmeldinga noko å seia for samarbeidet med Ap, KrF og V?
- Nei, ingenting, seier Djuvik.
- Hoel seier at utmeldinga skuldast eit anstrengt forhold til deg. Kva er din kommentar til det?
- Eg har ingen kommentar til det, seier varaordføraren.