Hjort påkøyrd i Hegglandsdalen
Onsdag kveld vart ein hjort påkøyrd i Hegglandsdalsvegen. Hjorten løp, saman med ein annan hjort, mot Tveitavatnet.
Det opplyser politiet i ein e-post til Os & Fusaposten.
Hendinga fann stad klokka 19.20. Éin av to hjortar som oppheldt seg langs vegen i Hegglandsdalen skal då ha blitt påkøyrd.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Hjortane løp vidare mot Tveitavatnet. Det er uvisst om hjorten vart skadd, skriv politiet og held fram:
– Ingen personskadar i påkøyrselen, men nokre materielle skadar på bil. Bilen var køyrbar. Viltkontakta er varsla.