Hjort påkøyrd
I 21-tida søndag fekk politiet i Os melding om at ein hjort var påkøyrd ved Er-An Auto på Søfteland.
Ingen - forutan hjorten - vart skadd i påkjørselen. Frontruta på bilen som var involvert i uhellet, vart knust.
- Viltnemnda vart kontakta, opplyser politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klokka 13 søndag gjennomførte politiet i Os ein trafikkkontroll i Lepsøyvegen. Fokus var på bruk av bilbelte.
- 83 bilar vart kontrollerte. To fekk gebyr for ikkje å ha hatt med seg førarkort i bilen, fortel Hadler-Olsen.