Helsedirektoratet har lansert ein nasjonal informasjonskampanje om hjerneslag. Kampanjen er utvikla saman med brukarorganisasjonane og sentrale fagmiljø. Overordna mål for kampanjen er at "fleire får behandling i tide og overlever med god livskvalitet".
Helsedirektoratet har lansert ein nasjonal informasjonskampanje om hjerneslag. Kampanjen er utvikla saman med brukarorganisasjonane og sentrale fagmiljø. Overordna mål for kampanjen er at "fleire får behandling i tide og overlever med god livskvalitet".

Hjerneslag: Rask behandling heilt avgjerande

Plutseleg vanskeleg å prata, smila eller løfta armane? Ring 113! Det er den klare oppmodinga i Helsedirektoratets nasjonale kampanje.

Helsedirektoratet har lansert ein nasjonal informasjonskampanje om hjerneslag. Kampanjen er utvikla saman med brukarorganisasjonane og sentrale fagmiljø.

Overordna mål for kampanjen er at "fleire får behandling i tide og overlever med god livskvalitet".

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi skal byggja opp kunnskapen om plutselege symptom og senka terskelen for straks å ringa 113 ved mistanke om hjerneslag, er bodskapen.

Og "reglane" er enkle og konkrete: Er det plutseleg vanskeleg å prata, smila eller løfte armane, kan det vera hjerneslag. Ring 113, kvart sekund tel.

Hjerneslag oppstår plutseleg og kor som helst, og kvart år vert rundt 12.000 i Noreg råka.

- Alle kan hamna i ein situasjon kor det er avgjerande å kjenna igjen symptoma på hjerneslag. Erfaringar frå Noreg og utlandet viser at pasientane sjølve eller pårørande ofte er det forsinkande leddet i behandling av hjerneslag. Dei kjenner ikkje att symptom og ventar for lenge med å kontakta helsetenesta, påpeikar Helsedirektoratet.

Dersom den slagramma kjem raskt til vurdering og behandling, er høva større for å unngå varige skader.

- Det er grunn til å tru at mange ventar med å ringa 113 fordi dei er usikre om symptoma er alvorlege nok eller dei er redde for å vera til bry. Men kvart sekund tel ved hjerneslag. Ikkje ver redd for å ringa 113 om du er i tvil - det er leganes jobb å vurdera slike tilfelle. Ring heller 113 ein gong for mykje enn for lite, er den klare meldinga frå direktoratet.