Hjarteskjerande tjuveri: — Her snakkar me om utstyr som kan redda liv
For andre gong har nokon stole hjartestartaren på Kuventræ. Politiet håpar tjuvane angrar seg.
I går formiddag melde Os Turn fotball til Bjørnafjorden lensmannskontor at hjartestartaren som heng ute på kiosken mellom banane, var stolen for andre gong i løpet av relativt kort tid.
Atle Birkeland ved Bjørnafjorden lensmannskontor kommenterer saka slik:
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det er veldig leit at slikt utstyr blir stole. Her snakkar me om meir enn ein gjenstand; dette er utstyr som kan redda liv, slår Birkeland fast.
Kan angra seg
Han seier vidare at om dette er snakk om rampefakter, så er det lov å angra seg.
— Kan henda har dei ikkje tenkt seg så mykje om, dei som gjorde det. Eller snakkar me om folk som er ute etter å omsetja hjartestartaren i pengar? Det er jo utstyr som kostar ein del dette her, minner Birkeland om.
Han legg til at både politiet og Os Turn tek imot tips i saka.