Historisk senior-etablering i Os-politikken
Onsdag fekk Os-politikken eit historisk nytt tilskot - nemleg Os Senior Høgre. Frå dag 1 var dei allereie det nest største i Hordaland.
Det er ein entusiastisk nestformann i det nye Os Senior Høgre, ein sideorganisasjon til Os Høgre, som møter oss i redaksjonslokala dagen etter stiftingsmøtet. Ernst Hoff er både stolt og glad etter den vellukka etableringa.
- Me er stolte over å vera det første "seniorpartiet" i Os, og at me allereie er nest størst i Hordaland med våre vel 20 medlemer, seier Hoff.
Artikkelen held fram under annonsen.
Treng ei stemme
Høgre på landsbasis har aktivt oppmoda lokalpartia til å starta slike senior-organisasjonar. I Os starta ein etableringsjobben i forkant av haustens kommuneval. Ernst Hoff og Bjørn Sivertsen, som er formann, har vore primus motorar. Med seg i styret har dei også Inger-Tine Brekke og tidlegare ordførar i Os, Ole Haakon Lunde.
Hoff er ikkje i tvil om at seniororganisasjonane har sin misjon.
- Seniorane vert stadig friskare og meir aktive, og har svært mykje å gje. På mange område har me mangla ei politisk stemme. Gjennom Senior H kan me aktivt ta del og bidra i saker som er viktige for oss.
For å understreka poenget legg han til at berre 15 år fram i tid vil ein firedel av Noregs befolkning vera seniorar - 300.000 fleire enn i dag.
- Så langt har ikkje dette vore gjenspegla i seniorane si deltaking i politikk og utval. Årsaka til det må me for ein stor del ta på vår kappe, men det er nettopp det me ynskjer å gjera noko med no.
Hoff påpeikar at stadig større delar av budsjettmidlane går til dei stadig fleire seniorane. Han meiner det difor er ekstra viktig at dei eldre aktivt tek del i drøftingane kring best mogleg bruk av desse midlane.
- Med oss på banen vil ein få eit større spekter i dei politiske drøftingane.
Samarbeid med dei unge
Konkret ser Os Senior Høgre for seg å arrangera fleire opne møte gjennom året. Det fyrste kjem i januar neste år. Her vert det opna for innspel til tema for framtidige møte, og også forslag til sosiale samlingar. Sjølv er Hoff klar på at han svært gjerne ynskjer eit tett samarbeid med Unge Høgre i Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Mange av oss seniorar er faktisk endå meir opptekne av dei unge sine oppvekst-tilhøve no enn me var før. Mange av oss har barneborn og me engasjerer oss mykje i den oppveksande slekt, seier Hoff.
Positiv varaordførar
Med på stiftingssmøtet i eldresenteret onsdag var mellom andre varaordførar Marie Bruarøy. Hoff skryter av hennar og resten av lokalpartiets velvilje og støtte i etableringa av "senioravdelinga".
- Dei har vore positive frå dag 1, seier Hoff som gler seg til at Os Senior H kan få bidra med sin kunnskap og sine erfaringar i Os-politikken.