Historisk opptak for innsatsstyrken
Ikkje mindre enn 60 soldatar stiller tysdag morgon på Ulven leir til opptak i innsatsstyrke Bjørn West. Dette er det største talet sidan styrken vart oppretta for 11 år siden.
Opptaket blir gjennomført over tre dagar og blir avslutta torsdag.
Innsatsstyrken er det "skarpaste verktyet i verktykassen" til Bergenhus heimevernsdistrikt 09, heiter det i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjef for soldatane, major Harald Drægebø, tenkjer det er fleire grunnar til at så mange kvinner og menn vil bli soldatar i Bjørn West.
- Innsatsstyrkane har generelt eit godt renommé, vi har bra og moderne materiell, trenar jamleg og ikkje minst er dei som er med fornuftige, godt motiverte og positive ambassadørar for Forsvaret, HV og I-styrkane, seier Drægebø.
- Viktig bidragsytar
Drægebø meiner HV som del av samfunnets felles beredskap, er ein stor og viktig bidragsytar.
- For dei som ønskjer å bidra til dette arbeidet utover vernepliktas 6-9 dagar per år, er I-styrkane ei avdeling med gode treningar, øvingar og ikkje minst godt sosialt miljø, lokkar Drægebø.
Han legg til at heile tida er behov for nyrekruttering.
- Sjølv om mange står meir enn avtaleperioden på tre år, er det jamleg behov for nytt personell. Då er det viktig å ha nytt personell som bankar på døra når enkelte er på veg ut, fortel Drægebø.
For å velja ut dei beste soldatane er det fleire ting major Drægebø ser etter.
- Utover kontroll av fysiske minimumskrav, ser vi spesielt etter evna til samarbeid, evne og vilje til læring og ikkje minst evna til å ta vare på seg sjølv og sine medsoldatar under til dels krevjande forhold, avsluttar Drægebø.