Hevda at ungdom kasta stein på huset og ropte ukvemsord
Patruljen fann ei gruppe ungdom i området då dei rykte ut.
Fredag fekk politiet melding frå nokon som bur i Midtskogvegen om at det var seks eller sju ungdomar som kasta stein på huset og ropte ukvemsord.
— Patruljen rykte ut og trefte på fem ungdom, som er 14 og 15 år gamle. Dei hevda dei ikkje kjende til dette, men erkjente at dei hadde drive med “ring på spring”. Det blei ikkje gjort så mykje meir med saka. Dei blei registrerte og føresette varsla, før dei blei dimitterte, fortel Birkeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rusa ungdom
Natt til søndag kom patruljen i kontakt med åtte ungdomar i sentrum. Seks av desse er under 18 år. Nokre av dei var rusa.
— Her blei det teke ein runde med foreldre. Den yngste av dei er 14 år gamal. Ungdomane var frå 14 til 20 år gamle, fortel Birkeland.