Her speidar politiet etter ungdom på senteret: Vil byggja tillit
Politiet ser positive effektar av det førebyggjande arbeidet, som eigentleg berre skulle vara ut januar. No er det forlengja til sommaren.
Politioverbetjent Christine Grindstein og politibetjent Lars Lundemo spaserer rundt på AMFI Os onsdag ettermiddag. Det er få besøkjande denne dagen, og ikkje mange ungdomar å spora. Sidan i haust har politiet sett av nokre timar kvar onsdag ettermiddag øyremerkt ungdom.
— Tradisjonelt sett har reaktivt arbeid vore mest framståande hos politiet. No er førebyggjande arbeid ein primærstrategi hos oss. Vi ønskjer å byggja tillit. At vi er synlege og pratar med dei, og viser forståing for utfordringar dei måtte ha, trur eg er viktig, seier Grindstein.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ikkje unikt for Bjørnafjorden kommune at politiet sin førebyggjande patrulje har fokus på ungdom på denne måten. Dei har det same i Bergen, og i resten av Vest politidistrikt.
— I Bergen har ein heilt konkrete stader som ein er innom, som Lagunen eller Bystasjonen, der ein gjerne har hatt utfordringar. Vi har også stader der vi er oftare enn andre, som senteret, bussplassen i sentrum og Os Aktiv. Det er fordi det ofte er ungdom å treffa der, seier Grindstein.
Andre stader politiet gjerne er oftare innom enn andre, er utanfor det gamle Lidl-bygget og ved Nore Neset ungdomsskule. Det har vore ein del oppdrag her.
Dette lurer ungdom på
— At det er samling av ungdom, treng ikkje vera negativt. Det er ikkje slik at vi reiser dit fordi vi mistenkjer kriminell aktivitet. Det er fordi det er større sjanse til å treffa nokon å prata med.
— Korleis reagerer ungdom når de kjem bort til dei?
— Det kan ha ei litt sånn “Kvifor er de her, og kva vil de med meg”-haldning. Nokre er skeptiske, og fleire er nysgjerrige. Det må ikkje vera ei bestemt årsak til at politiet skal snakka med dei. Vi er der for å prata med dei i “fredstid”. Det å vera på namn og ha ein god relasjon, er ein fordel, seier Lundemo.
— Kva lurer dei på?
— Ungdom ned i slutten av barneskulealder og på ungdomsskulenivå, pratar gjerne villig om fotball, fritidsaktivitetar og skule. Det er ein laus og uformell dialog. Det er det også med eldre ungdom. Der dreier praten seg ofte om førarkort, moped og bil — kva som skal til for å mista lappen, seier Lundemo og smiler.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Ja, og så vil dei gjerne at vi skal hjelpa dei med å få i stand ein stad der dei kan køyra bilar og motorsyklar. Vi kan gjerne koma med innspel, men dette er ikkje noko politiet har myndigheit til å gjera noko med. Politiet samhandlar likevel med andre aktørar gjennom mellom anna Politikontakten, og har mogelegheit til å gje slike innspel til politikarar og private aktørar som har ei felles interesse for å ivareta ungdom på ein god måte.
— Korleis har responsen vore — merkar de noko effekt?
— Vi kjem oss ut av bilen meir, og dreg ikkje berre frå oppdrag til oppdrag. Vi vil jo at vi skal bli oppfatta mindre “farlege” og at det skal vera lågare terskel for å ta kontakt med oss. Vi kan ikkje snakka på vegner av ungdomen, men tilbakemeldingar eg har fått, har vore udelt positive, seier Grindstein.
— Ja, og så har vi fått tilbakemeldingar får føresette som har fått meg seg dette, som seier at det er positivt at vi er i dialog med born og unge på denne måten, seier Lundemo.
Kan ta kontakt når som helst
Koronautfordringar gjer jobben opp mot ungdom litt annleis enn dei hadde håpa på og sett føre seg. Grindstein seier at dei aller helst skulle ha møtt dei utandørs på ein basketbane, eller funne på noko aktivt saman med dei. Når det er sagt, meiner ho ikkje at det nødvendigvis treng vera negativt at ungdom samlar seg innandørs, som på eit kjøpesenter.
— Vil ein heller ha ungdom på data eller ungdom i gata? Eg meiner det ikkje er negativt om ungdom samlar seg på senteret eller andre stader. Ung Arena er eit kjempetilbod. Det har vore avgrensa opningstid der så langt. Eg håpar dei får til å utvida timane litt, for dette er eit godt tilbod til ungdom, seier Grindstein.
Timane om onsdagane er dedikerte til ungdom — så sant det ikkje skjer akutte hendingar. Denne onsdagen var det ikkje så mange som ville prata. Eller rettare sagt, det var ikkje så mange å prata med.
— Vi har eit generelt fokus på ungdom og førebyggjande arbeid, så ein må ikkje vera redd for å ta kontakt med oss også andre dagar, når som helst, seier Lundemo.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Ja, de er jo døgnbemanna no!
— Det er vi. Det tenkjer eg også er superpositivt for publikum, seier Grindstein.