Her kjem det barnebutikk
– Det einaste som står att, er å signera avtalen. Dei ser føre seg å starta opp 1. april neste år, seier huseigar, Espen Aspenes.
Førre veke skreiv Os & Fusaposten-journalist Camilla Kvamme ein kommentar om at hoønskjer seg ein barnebutikk. No ser det ut til at ho, og alle andre som ønskjer seg ein butikk som sel barneklede, vogner og leiker, ikkje må venta særleg lenge.
– Vi er einige om storleik, løysing og pris. Lokalet deira blir om lag 100 kvadratmeter stort. Vi ser føre oss å laga eit mini-mini kjøpesenter i lokalet der DNB heldt til tidlegare. Vi er i dialog med fleire, men vi vil landa denne første avtalen før vi går vidare. Då vil nok resten falla på plass av seg sjølv. Vi ønskjer butikkar som utfyller kvarandre, og som trekkjer kundar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Os & Fusaposten kjem attende seinare med sak om dei som skal starta butikken i Brugata 6.