Kontroll: Her skal UP ha hatt trafikkontroll torsdag.

Her hagla det med forenkla førelegg

Utrykkingspolitiet var på plass ved Halhjemsvegen torsdag.

Det er ikkje uvanleg å sjå Utrykkingspolitiet (UP) langs Halhjemsvegen. Dette er ein stad dei tidlegare har uttalt at dei har fokus på, og det plar ofte vera ein del å reagera på.

Det skal det også ha vore torsdag. Politioverbetjent Christine J. Grindstein ved Bjørnafjorden politistasjon, opplyser at i løpet av dei timane UP var på plass, blei det skrive ut heile 17 forenkla førelegg for fartsbrot.

Artikkelen held fram under annonsen.

— 102 km/t var høgaste hastigheit i 70-sona. Det blei i tillegg skrive ut eit førelegg for ulovleg bruk av handhalden mobiltelefon, skriv Grindstein.

Det å køyra meir enn 30 km/t over fartsgrensa i ei 70-sone, medfører 15.200 kroner rett ut av vindauge.

Ulovleg bruk av handhalden mobiltelefon, medfører eit førelegg på 10.200 kroner.