Fusa VGS er blant skulane der ein kan ta fagbrev i Helsefag. Inntaksleiar Nils Skavhellen fortel kva ein bør tenkja på før ein vel denne retninga. Eleven som tek blodprøve heiter Solveig Aarra og Haval frå Syria stiller fingeren til disposisjon.
Fusa VGS er blant skulane der ein kan ta fagbrev i Helsefag. Inntaksleiar Nils Skavhellen fortel kva ein bør tenkja på før ein vel denne retninga. Eleven som tek blodprøve heiter Solveig Aarra og Haval frå Syria stiller fingeren til disposisjon.

Her får du råda til val av utdanning

Kva gjer du om du ikkje anar kva du vil bli, og må velja vidaregåande skule? - Er du usikker bør du begynna med å velja vekk det du er sikker på at du ikkje vil bli, seier inntaksleiar Nils Skavhellen.

Nils Skavhellen i Hordaland fylkeskommune er den kanskje mest erfarne inntaksleiaren i landet, med over 40 år i same jobb. Kvart år gjev han råd og deler av si erfaring for å hjelpa elevar som står framføre eit viktig livsval.

- I fjor var så var du spent på kva nedgangen i oljebransjen ville få å sei for søkjartala. Kan du no sei noko om korleis det gjekk?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, me såg at elevane hadde teften for dette. Særleg gjekk TIP ein god del ned. Eitt av problema i nedgangstider er at det er så vanskeleg å få lærlingplass. Hadde nokon sagt i 2013 at dersom du valde TIP, ville du ikkje få lærlingplass i 2016, var det vel få som ville trudd på deg.

- Er det ein overreaksjon?

- Nei, det trur eg ikkje. I ein lang periode var det jo slik at dersom du søkte på oljerelaterte fag, var du stort sett i mål dersom du kom deg greitt gjennom skuleforløpet. Slik er det ikkje lenger. Eg høyrde det seinast på Dagsnytt i dag tidleg - dei som hadde gått på brønnteknikk stod no utan tilbod i stavangerregionen. Fleire vel i staden Bygg og anlegg. Men samtidig - ein har ingen sikre garantiar korkje eine eller andre vegen.

- Min bransje, mediebransjen, opplever jo også nedgangstider. Merkar de ein tilsvarande nedgang av elevar som har lyst å gå i den retninga?

- Ja, det har me gjort. I 2006 var det mange som søkte dette, med tanke på at dei skulle inn i mediebransjen. Etter kvart har dei sett at talet søkjarar blir mindre og mindre. Og ein del elevar hoppa av tredjeåret, og tok allmennfagleg påbygging siste året. Her er det også gjort ei endring av sjølve studieforløpet no. Tidlegare var det eit yrkesfagleg løp der du kunne få fagbrev som mediegrafikar. Men no blir det eit treårig studiespesialiserande program.

- Helsefag er vel meir stabilt, og eit tryggare val?

- Søkjartala har i lang tid vore stabile. Men ein har litt vanskeleg å tilrå dette heilt utan atterhald, for når ein er ferdig pleier ein sjeldan å få tilbod om 100 prosent stilling med ein gong. Det er vanleg å gå i mindre prosentstillingar på sjukeheimar og aldersheimar. Det er ikkje noko positivt for ei gruppe som er i ferd med å etablera seg - det vil til dømes vera vanskelegare å få lån.

- Helsefag er jo heller ikkje eit fag for pyser - ein kan t.d. ikkje vera redd for å sjå blod. Ein må gjerne kjenna seg sjølv godt nok til å vita om ein er tøff nok til å takla eit slikt yrke?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ikkje alle som kjenner seg sjølv godt nok som 16 åring. Det er nok difor såpass mange tek helsefagleg utdanning i litt meir vaksen alder. Ein må vera budd på å sjå folk som er svært sjuke, i tillegg til det som er av kroppsvæsker. Me har hatt døme på folk som har teke ambulansefag og som har hoppa over på noko anna etter å ha sett mykje stygt. Samtidig er eg imponert over mange modne 16-åringar. Sommarjobb-tilbodet som Bergen kommune har for unge innan byens sjukeheimar, har hatt mellom 600-700 søkjarar årleg.

- Kva om ein har lyst å bli bonde?

- Før i tida var vegen å gå jordbruksskulen. Men no heiter det naturbruk, og det fører fram til ei utdanning innan ei rekkje relaterte område. I Fusa har du t.d. akvakultur. På Stend har du også ei rekkje tilbod innan naturbruk, t.d. dyrefag, hest, friluftsliv og anleggsgartnar. Ein som har interesser i denne retninga har svært gode utdanningstilbod.

- Kva vil du seia til ein som har lyst å svinga hammaren eller jobba med jorda, men som er redd for all teorien han trass alt må gjennom - også på yrkesfag?

- I vår tid er det jo slik at ein må kunna ein del teori om så jobben din er å pumpa luft i dekka på ein bil. For alt er jo blitt veldig digitalisert, og det fører til ein del teori. Fag som matematikk og engelsk kjem ein heller ikkje utanom - tenk berre på at dei fleste bruksanvisningar er på engelsk.

- Kva råd vil du gje til ein som ikkje anar kva han vil bli?

- Eg brukar alltid å seia: Vel vekk det du er heilt sikker på at du ikkje kan bli. Dersom eg var ein gut med ti tommeltottar, ville eg ikkje valt Bygg og anlegg eller TIP. Då er det å sjå på andre program - kva står att når eg har valt vekk det eg ikkje vil?

- Då eg gjekk på ungdomsskulen, tilrådde dei ofte allmennfag for dei usikre. Då har ein liksom framleis flest mogleg valmoglegheiter opne, vart det sagt?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er nok framleis ein del som tenkjer slik. Men når du har teke tre år med allmennfag, har ein jo eigentleg ingenting. Fagkontoret vårt har ein powerpoint-presentasjon som samanliknar ein som vel yrkesfag og ein som vel allmennfag når dei båe er blitt 26 år. Den første vil ha teke to år med yrkesfag, før to år i lønna lære. Når han er 20, har han ikkje berre tent pengar og har ei utdanning, han er klar for yrkeslivet og for å tena endå meir pengar. Når han er 26 år gamal sel han husværet han kjøpte for 5-6 år sidan, og har fått kapital til å kjøpa hus. Han som tok allmennfag har som 20-åring framleis seks år att med studium. Han byggjer seg opp studiegjeld og har lite eller inga inntekt. Powerpoint-presentasjonen avsluttar med at 26-åringen som gjekk yrkesfag sel leiligheten sin til han som valde allmennfag.

- Så det å ta fagbrev kan i mange tilfelle vera det beste - også for den usikre?

- Med eit fagbrev i botnen kan ein både gå vidare på fagområdet, og ein kan t.d. gå i retning av ingeniøryrket. Før var det slik at når ein tok yrkesfagleg utdanning, hadde ein valt vekk høgare utdanning - men slik er det ikkje lenger.