- Her bør vegvesenet få fingeren ut
Arne Monsen er forundra over at vegvesenet enno ikkje har fjerna trea som heng over Ulvenvegen ved Kolskogen.
Då Os og Fusaposten var ute i felten med varabrannsjefen i Os brannvesen tysdag for åsjekka kummar og rister, tok han oss også med opp til Ulvenvegen. Over vegbanen heng det nokre tre som ser ut til at dei kan detta ned kva tid som helst.
- Sjå der. Dei heng der framleis. Dei skulle vore fjerna for lengst, seier Monsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så vidt han veit har dei hengt slik i lang tid.
- Det fremste treet ser ut som at det kan koma ned når som helst. I tillegg ligg det eit rett bak. Eg har høyrt at folk seier at dei har glidd lengre og lengre ned, seier Monsen.
Vil gjerne hjelpa til
Grunnen til at han ville sjekka om trea framleis var der, er at han av erfaring veit at det kan ta litt tid frå meldinga kjem inn til vegvesenet, til problemet er løyst.
- Om det er slik at vegvesenet ønskjer at me skal hjelpa til, så er det berre til å ta kontakt, smiler Monsen.
Håkon Toverud frå drift og vedlikehald Bergen i Statens vegvesen, fortel at treet vart felt i stormen Nina tidleg i januar.
- Ut frå opplysningane frå driftsentreprenøren som rydda opp etter Nina oppfatta dei ikkje at det var umiddelbar fare for at treet kunne rasa ned. Andre oppgåver med opprydding etter stormen blei prioritert. Me har heller ikkje oppfatta det slik at situasjonen har utvikla seg, seier han.
Usikkert kva tid arbeidet vert gjort
Toverud fortel vidare at vegvesenet ikkje har til hensikt å la treet liggja slik.
- Treet skal fjernast og toppen av skjæringen skal kontrollerast for eventuelle øvrige tre, og det skal sjekkast at sikringen av skjæringen er slik han blei montert.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Veit de kva tid arbeidet vil bli utført?
- Nei, ikkje per dags dato. Det er opptil entreprenøren, og kva planar dei har framover. Eg kan ikkje gje deg ein eksakt dato.
- Brannvesenet i Os vil hjelpa til om det trengst. Kan det vera aktuelt?
- Nei, ikkje om entreprenøren kan fiksa det sjølv. Då vil me la dei ta hand om det.