Henanger bru vert stengt
I dag skal den mellombelse brua på Henanger fjernast. Vegen vert difor stengt i ein time no i føremiddag.
Det opplyser Melake Gebremichael i Statens Vegvesen.
- Brua vert stengt frå om lag 11.15 og ein time framover. I tillegg kan det verta korte periodar med stengingar utover dagen, men då er det snakk om 10-15 minutt, seier Gebremichael.
Artikkelen held fram under annonsen.
Omkøyring er via Ølve og Gjermundshamn.
Utbetringa av brua på Henganger består i å byta ut bruplater med plastrøyr, og i dag skal det fyllast på massar under sjølve brua.
Gebremichael opplyser at jobben med asfaltering og rekkverk vil bli gjort over nyttår.
Les også:Uventa grunnforhold
Les også:Vegen stengt